9.7. Erodér

9.7.1. Oversyn

Figur 17.190. Eksempel på bruk av filteret «Eroder»

Eksempel på bruk av filteret «Eroder»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «Eroder»

Filteret «Eroder» brukt


Dette filteret utvider og forsterkar mørke område i det aktive laget eller det aktive utvalet.

For kvar biletpiksel fører den pikselverdien (lysstyrken) på linje med den lågaste verdien (den mørkaste) av dei 8 nabopikslane (3 × 3 matrise). Ein mørk piksel vert såleis lagt til rundt mørke område. Ein isolert piksel på ein lysare bakgrunn vert endra til ein stor «piksel» sett saman av 9 pikslar. Dette vil skapa noko støy i biletet.

På dette biletet er det ei raud ramme rundt den aktive pikselen og ei grøn ramme rundt den tilsvarande matrisa. Den aktive pikselen vil få den mørkaste fargen, dvs. svart, i området som vert dekka av matrisa.

Eit større, mørkt område vert utvida med éin piksel i alle retingar:

På dette biletet er filteret køyrd tre gonger.

På meir komplekse bilete vert dei mørke områda utvida og til ei viss grad forsterka samstundes med at biletet vert svakt «pikselert». På dette biletet er filteret køyrd tre gonger:

Dersom bakgrunnen er mørkare enn forgrunnen, vil filteret sjølvsagt dekke heile biletet.

9.7.2. Aktivering

Du finn dette filteret i menyen i biletvindauget under FilterGeneriskeEroder.

9.7.3. Eksempel

Figur 17.191. Eroder tekst

Eroder tekst