8.38. Bytt farge

8.38.1. Oversyn

Figur 16.220. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Filteret brukt med Frå farge RGB (122, 149, 199), Til farge RGB (255, 0, 0), Raudterskel 0,106, Grønterskel 0,100, Blåterskel 0,190.


Dette filteret bytter ut ein farge med ein annan.

8.38.2. Aktivering

Du finn dette filteret på menyen i biletvindauget under FargarKartBytt farge….

8.38.3. Innstillingar

Figur 16.221. Dialogvindauget for «Bytt farge»

Dialogvindauget for «Bytt farge»

Forval

«Forval» er ein felles eigenskap for fleire fargekommandoar. Du finn nærare forklaring i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».

Fråfarge

Dette er fargen du ønskjer å byta ut. For å velja ein farge kan du anten bruka fargeknappen for å opna dialogvindauget for fargehentaren eller du kan bruka fargehentarverktøyet for å henta ein farge frå biletet.

Tilfarge

Dette er fen nye fargen du ønskjer å bruka. For å velja ein farge kan du anten bruka fargeknappen for å opna dialogvindauget for fargehentaren eller du kan bruka fargehentarverktøyet for å henta ein farge frå biletet.

Raudterskel, grønterskel, blåterskel

Desse glildebrytarane vert brukte for å setja kor følsame raud-, grøn og blåkomponenten skal vera for skilnadar i Fråfarge. Dess høgare terskel dess fleire pikslar vert påverka.

Blandingsalternativ, førehandsvising og delt vising

Dette er felles eigenskapar forklarte i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».