5.4. Feilkonsollen

Feilmeldingar er ein logg over eventuelle feil som har oppstått medan GIMP køyrer. Meldingane her er meir fyldige enn dei du får via «GIMP-melding». Du kan lagra heile loggen eller deler av han for seinare bruk.

5.4.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, “Dialogar og samlevindauge («dokker»)”.

Du har tilgang til dialogvindauget

  • frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeFeilkonsoll

  • eller frå fanemenyen i ein annan dialogmeny ved å klikke på fanen og velje Legg til faneFeilkonsoll

5.4.2. Dialogen «Feilmeldingar»

Figur 15.77. Dialogvindauget «Feilmeldingar»

Dialogvindauget «Feilmeldingar»

Slett feila

Trykk denne for å slette feilloggen.

[Åtvaring] Åtvaring

Du kan ikkje «Angre» denne handlinga.

Lagra alle feil

Trykk på denne knappen for å lagra heile loggen. Du kan lagra deler av loggen ved å markere ønskt område med musepeikaren, eller ved å halde nede Shift-tasten medan du flytter deg rundt i teksten med Piltastane og lagra berre det merkte området med å trykke Shift-tasten.

Det vil dukke opp eit dialogvindauge, Lagra feilloggen til fil, der du kan velje namn og plassering på loggfila:

Figur 15.78. Dialogvindauget «Lagra feillogg til fil»

Dialogvindauget «Lagra feillogg til fil»

[Tips] Tips

Du kan også finne desse funksjonane i fanemenyen for ein dialog ved å klikke på symbolet eller i lokalmenyen som kjem fram når du høgreklikkar i dialogvindauget.