3.2. Angra

Dersom du har gjort eitt eller anna med biletet ditt som du eigentleg ikkje ønskjer å behalda, kan du tilbakeføra biletet til slik det var før endringane ved å trykkja på Angra. Nesten alt du gjer kan angrast på denne måten. Unnataket er operasjonar utførte av skript som koplar bort denne funksjonen. Kor langt tilbake du kan angra, vert bestemt av innstillingane i Systemresursar i brukarinnstillingane. Sjå meir om GIMP sine svært så sofistikerte angrefunksjonar i avsnittet angra.

Ein alternativ versjon av «Angra» er «Sterk angra», som hoppar over endringar i kor synlege lag skal vera osv. Denne kommandoen kan utførast ved å bruka snartasten Ctrl+Shift +Z.

Operasjonar som du har angra forsvinn ikkje sånn med ein gong. Du kan faktisk angra angringa ved hjelp av kommandoen Gjenta. Dette under føresetnad av at du ikkje har gjort andre ting med biletet etter at du utførte «Angra».

3.2.1. Aktivering

  • Du får tilgang til denne menyoppføringa frå biletmenyen via RedigerAngra.

  • eller med snarvegen Ctrl+Z,

  • eller ved å klikka på ønskt linje i angreloggen.