3.3. Gjenta

Kommandoen Gjenta reverserer det kommandoen Angra har gjort. Kvart einaste «Angra» har sitt tilsvarande «Gjenta». Du kan veksla mellom «Angra» og «Gjenta» så mykje du lystar. Legg merkje til at du kan «Gjenta» ein operasjon berre dersom det siste du gjorde var å «Angra». Har du gjort det minste arbeidet på biletet, vil du ikkje kunna gjenta noko som er angra. Sjå meir om dette i avsnittet Å gjenta.

Ein alternativ versjon av «Angra» er «Sterkt angra», som hoppar over endringar i kor synlege lag skal vera osv. Denne kommandoen kan utførast ved å bruka snartasten Ctrl+Shift +Y.

Får å sjå operasjonane du har angra og gjentatt, kan du gå inn på dialogvindauget angrelogg.

3.3.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne kommandoen frå biletmenyen via RedigerAngra.

  • eller med snarvegen Ctrl+Y,

  • eller ved å klikka på ønskt linje i angreloggen.