Ein animasjon kan innehalde mange biletlag, noe som kan gi svært store filer. Dette kan vere irriterande i nettsider. Optimeringsfilteret vil redusere filene utan at det går ut over animasjonen. Dette blir gjort ved at alle elementa som går igjen i alle laga bare blir lagra i eitt lag. Bare det som er forandra i kvart lag blir lagra.
GIMP inneheld to optimeringsfilter: Optimer (Differanse) og Optimer (GIF). Sluttresultatet blir nokså nær det same for begge filtra.
I denne animasjonen går den raude ballen nedover forbi ein del loddrette søyler. Filstorleik 600 Kb.
Filstorleiker flytte seg til 153 Kb. Laga inneheld berre den delen som vert brukt for å fjerna spora etter den raude kula. Det som er felles i laga er gjennomsiktig.
Filstorleiken er no 154 Kb, altså lite grann større enn førre eksemplet, men lagstorleiken er likevel redusert. Laga inneheld berre den rektangulære delen som vert brukt for å skjula spora etter den raude kula. Det som er felles i laga er gjennomsiktig.
Filteret «Deoptimer» fjernar all optimalisering gjort på ein lagbasert animasjon slik at biletet vert tilbakeført til originalbiletet. Du kan bruke dette valet dersom du ønskjer å redigere animasjonen sjølv om det ikkje er mogleg å angra tidlegare endringar.