16.8. Spel av animasjonen

16.8.1. Oversyn

Dette filteret blir brukt for å spele av ein animasjon som er bygd opp med mange biletlag.

16.8.2. Å opne filteret

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterAnimasjonSpel av animasjonen

16.8.3. Innstillingar

Figur 17.434. Innstillingane for filteret «Spel av animasjonen»

Innstillingane for filteret «Spel av animasjonen»

Dette dialogvindauget inneheld :

Førehandsvising

Førehandsvisinga tilpassar seg automatisk etter rammene («frames») i biletet. Nummeret til den viste ramma blir vist i ruta under førehandsvisinga.

Knappane

Dei følgjande knappane er tilgjengelege over førehandsvisinga:

Start avspeling/Stopp avspeling

Dette spelar av eller stoppar animasjonen.

Gå bakover til førre ramma

Dette spelar av animasjonen baklengs steg for steg.

Gå til neste ramme

Dette spelar av animasjonen steg for steg.

Tilbakespol animasjoen

Dette spolar animasjonen tilbake til byrjinga.

Kopla animasjonen frå dialogvindauget

Dette koplar animasjonen frå dialogvindauget

Last inn biletet på nytt

Dette lastar inn animasjonen igjen. Nyttig viss det er gjort endringar.

Nedtrekksliste

Dei følgjande listene er tilgjengelege under førehandsvisinga:

Kombiner/byt ut lag

Dette kan vera Kumulative lag (kombiner) for å visa alle rammer så langt oppå kvarandre, eller Ei ramme per lag (byt ut) for å visa berre den siste ramma.

Fart på tilbakespelinga

Her kan du setja kor fort animasjonen skal visast.

Standard rammefart

Dette let deg setja kor mange bilete som skal visast per sekund når du spelar av animasjonen.

Forstørr

Her kan du setja kor mykje animasjonen skal forstørrast eller forminskast.