5.2. Eigenskapar for banane

Banar er på same måte som lag og kanalar, komponentar i eit bilete. Når du lagrar eit bilete i GIMP sitt eige filformat XCF, vert banane lagra saman med biletet. Du kan få fram lista over banane i eit bilete ved å henta fram banedialogvindauget. I dette dialogvindauget kan du også flytta banane frå eit bilete til eit anna ved å bruka funksjonane kopier og lim inn i sprettoppmenyen i banedialogvindauget, eller ved å dra eit ikon frå banedialogvindauget for eit bilete over i eit biletvindauge.

GIMP-banane høyrer til ei matematisk gruppe som vert kalla «Bezierkurver». Bezierkurvene vert definerte ved hjelp av anker og handtak. Eit anker er punkt som kurva går gjennom. Eit handtak definerer retninga banen skal ha når han går ut frå eller inn i eit ankerpunkt. Kvart ankerpunkt hat to handtak.

Banar kan vera nokså komplekse. Dersom du lagar banar manuelt ved hjelp av baneverktøyet, vil banane til vanleg innehalda opp til nokre få titals ankerpunkt. Dersom du derimot lagar banar ved å omforma eit utval eller ein tekst til bane, kan resultatet verta ein bane med hundrevis, kanskje tusenvis, av ankerpunkt.

Ein bane kan innehalda fleire ulike komponentar. Ein «komponent» er ei samling ankerpunkt som er bundne saman med banesegment. Dei høyrer til same kurva. Du kan gjerne ha fleire komponentar i ein bane. Dette betyr at du kan konvertera kvart segment til ulike utval, og såleis få fleire uavhengige utval i same biletet.

Kvar banekomponent kan vera open eller lukka. Ein komponent er «lukka» når det siste ankeret er bunde saman med det første ankeret i komponenten. Når du konverterer ein bane til eit utval, vert alle opne komponentar automatisk omforma til lukka komponentar ved at det første og det siste ankeret vert kopla saman med ein rett strek.

Banesegmenta kan vera anten rette eller krumme. Ein bane med berre rette strekar vert kalla «polygonal». Når du lagar eit segment, vil det alltid vera beint i starten fordi handtaka vert plasserte oppå ankeret. Handtaka har i utgangspunktet null lengde, noko som gjev segmenta til rette linjer. Du bøyer segmentet ved å dra handtaka ut frå ankeret.

Ein hyggeleg ting med banar er at dei brukar svært lite resursar, i det minste i høve til kva eit bilete gjer. Ein bane vert lagra i RAM ved å lagra koordinat for ankera og handtaka. Det er difor mogleg å ha hundrevis av banar i eit bilete utan å stressa datamaskinen. (Kor mykje stress du vert utsett for sjølv når du skal halda styr på dei, er eit heilt anna spørsmål). Sjølv ein bane med tusenvis av segment brukar minimalt med ressursar i høve til eit typisk lag eller ein kanal.

Banane vert oppretta og manipulert ved hjelp av baneverktøyet.