3.21. Strek opp bane

Kommandoen Strek opp bane teiknar ein strek langs ein bane. Du kan anten teikne denne streken direkte, eller du kan velje å gjere dette med eit av teikneverktøya. I tillegg kan du velje mellom fleire utsjånader for streken.

[Notat] Notat

Denne kommandoen er berre aktivert når det er ein bane i biletet.

3.21.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne menyoppføringa frå biletmenyen via RedigerStrek opp bane

  • Du kan også aktivere kommandoen ved å trykke på knappen med det same namnet i banedialogen.

3.21.2. Beskriving av dialogvindauget

Figur 16.24. Dialogvindauget «Vel strøkstil»

Dialogvindauget «Vel strøkstil»

Dialogen Vel strøkstil gir deg høve til å velje mellom å streke opp banen med dei innstillingane du spesifiserer eller å streke han opp med eitt av teikneverktøya. Dersom du vel eit teikneverktøy, vert innstillingane for dette brukte.

Strek opp linje

Streken vert teikna med gjeldande forgrunnsfarge slik han er sett i verktøykassa. Ved å klikke på teiknet framføre Strekstil kan du utvida dialogvindauget og få tilgang til fleire ulike innstillingar:

Strekbreidde

Her kan du bestemma kor brei streken skal vere. Normalt vert denne oppgitt i pikslar, men du kan også velje andre måleeiningar i rullefeltet.

Einsfarga / mønsterelement

Du kan velje mellom strekstilane samanhengande og mønsterelement. Dette siste er ikkje det same som strekmønsteret. Dersom du vel ei samanhengande linje utan strekmønster, vert denne teikna som ei ubroten linje i den forgrunnsfargen som er sett i verktøykassa. Dersom du vel å bruke ei linje med mønsterelement, utan strekmønster, vert denne teikna som ei ubroten linje med det mønsterelement som er sett i verktøykassa. Dette betyr at dersom du vel eit marmormønster i verktøykassa og merker av for å bruke mønsterelement, vil du ende opp med ei marmorert prikkelinje.

Linjestil

Denne nedtrekkslista opnar for ein del nye innstillingar:

  • Endestil: Her bestemmer du korleis avslutninga på opne banar skal sjå ut. Du kan velje mellom Butt, Rund og Kvadrat.

  • Koplingsstil : Her bestemmer du korleis hjørna skal sjå ut. Du kan velje mellom Fuge, Rund eller Skrå.

  • Fugegrense : Når to segment av ein bane vert «fuga» saman, vert overlappinga bestemt av fugegrensa. Med breie strekar utan fuging, vert samankoplinga skjemd av endar som stikk ut. Fugegrensa bestemmer korleis det opne gapet i samankoplinga skal fyllast ut. Du kan setje verdien mellom 0,0 og 100,0 ved hjelp av glidebrytaren, ved hjelp av rullefeltet eller ved å skriva i tekstboksen.

    Figur 16.25. Eksempel på fugeutfylling

    Eksempel på fugeutfylling

    Venstre: Grense=0. Høgre: Grense=5.


  • Strekmønster : Her vert strekmønsteret vist på pikselnivå som ein serie med små boksar. Dei svarte boksane representerer den delen av streken som har farge. Du kan forandra utsjånaden til streken ved å klikka på desse boksane. Klikkar du på ein svart boks, vert han kvit. Dette indikerer at streken ikkje vert teikna. Klikkar du på ein kvit boks, vert han svart. Dei grå områda viser korleis streken vert repetert når prikkelinja vert teikna.

  • Definerte strekar : I nedtrekksboksen kan du velje mellom ein heil del ferdigdefinerte strekmønster. Mønsteret vert vist i Strekmønster for å gi deg ein ide om korleis det ser ut.

  • Kantutjamning : Kurva strekar og strekar som vert teikna på skrå, vert lett nokså taggete. (Sjå biletet ovanfor). Kantutjamninga glattar ut streken.

Strek opp med eit teikneverktøy
Teikneverktøy

Her kan du velje kva teikneverktøy du vil bruke. Når du bruker eit teikneverktøy, vert dette brukt med dei innstillingane det har i verktøykassa.

Etterlikn penseldynamikk

Sjå penseldynamikk.