Forklaring: Kontroller Lagdialogvindauget for å sjå om det gjeldande laget eigentleg er ei laggruppe. Viss det er tilfelle, vil det ha eit -teikn eller eit -teikn framføre namnet og ikonet. Dei fleste handlingane verkar ikkje på laggrupper. Det kjem i tilfelle opp ei feilmelding: «Kan ikkje teikna på laggrupper».
Løysing: Du må gjera eit lag som ikkje er i ei laggruppe aktivt. Vel eit lag ved å klikka på det i lagdialogvindauget. Viss den aktive laggruppa har eit -teikn framføre seg, er ho gøymd. Du kan klikka på ho for å utvida gruppa og visa dei individuelle laga i gruppa.