«Laggrupper» gjer at du kan gruppera lag i hierarkiske strukturar. Dette gjer det enklare å handsama prosjekta når dei inneheld mange lag.
Du lagar ei laggruppe ved å klikka på knappen Lag, ved å bruka menykommandoen → eller frå sprettoppmenyen for lagdialogvindauget.
nedst i dialogvindaugetDenne tomme laggruppa dukkar opp like over det gjeldande laget. Det vert rådd til å gje gruppa eit forklarande namn ved å dobbeltklikka på lagnamnet, ved å trykkja F2 eller å bruka Rediger lagatributta i sprettoppmenyen som kjem fram når du høgreklikkar i lagdialogvindauget. Dette er betre enn dei namna som elles vert sette automatisk, som Laggruppe#1, Laggruppe#2 osv.
Du kan oppretta fleire laggrupper og du kan byggja dei inn, det vil seia å leggja ei laggruppe inn i ei anna laggruppe.
Du kan leggja lag som finst frå før til ei laggruppe ved å klikka og dra.
Notat | |
---|---|
Handa som representerer musepeikaren må verta mindre før du slepp museknappen. Ei tynn vassrett linje viser kvar laget vert sett inn. |
For å leggja eit nytt lag til den gjeldande laggruppa, klikk på knappen nedst i lagdialogvindauget, bruk valet i biletmenyen eller trykk Shift+Ctrl+N.
Når ei laggruppe ikkje er tom, vert dette vist med eit lite ikon. Klikk på dette for å falda ut eller falda saman gruppa.
Lag som høyrer til same laggruppa er flytt lite grann mot høgre slik at det skal verta enklare å sjå kva lag som er delar av gruppa.
Viss ei laggruppe er gjort usynleg ved hjelp av augeikonet, men framleis er open (slik at laga inne i gruppa vert viste i lista), vert det vist eit utstrekkt auge ved sida av laga som er inne i gruppa for å indikera at desse laga er ikkje vert viste i den endelege visinga av biletet, men er teoretisk synleg i laggruppa.
Du kan løfte og senke laggrupper på same måten om du gjer med vanlege lag, altså ved å klikke og dra eller bruke piltastane nedst i lagdialogvindauget.
Du kan duplisere ei laggruppe ved å klikka på knappen Dupliser laget i menyen som kjem fram.
nedst i lagdialogvindauget eller ved å høgreklikka og veljaDu kan flytta ei laggruppe til eit anna bilete ved å klikka og dra. Ein annan måte er å kopiera og lima inn ved hjelp av Ctrl-C og Ctrl-V. Dette vil gje eit flytande utval som du må forankra ved å klikka på ankerknappen nedst i lagdialogvindauget.
Du kan også flytta ei laggruppe innføre biletet. Dette vil laga ein kopi av gruppa i gruppa. Lenk saman alle laga i den kopierte laggruppa slik at du kan flytta laga samla i biletet med flytteverktøyet. Dette er ein av måtane for å laga fleire kopiar av objekt i eit bilete.
For å slette ei laggruppe gjer du gruppa til den gjeldande gruppa og klikkar søppeldunken nedst i lagdialogvindauget. Du kan også høgreklikka og velja Slett laget.
Når ei laggruppe er gjeldande, kan du leggja ei anna laggruppe inn i denne med kommandoen «Legg til ny laggruppe». Det ser ikkje ut til å vera andre grenser for kor mange grupper som kan leggjast til anna enn mangel på minne.
Lagmodus som vert brukt på ei laggruppe vert brukt på alle laga i gruppa. Lagmodus brukt over ei laggruppe, vert også brukt av alle laga nedanfor anten dei er med i ei laggruppe eller ikkje.
Sidan GIMP 2.10 har laggruppene ein spesiell lagmodus: Gå gjennom-modus. Denne modusen finst berre viss ei laggruppe er i bruk.
Når denne modusen vert brukt i staden for ei anna gruppe, vil laga inne i laggruppa oppføra seg som om dei var ein del av lagstabelen og ikkje høyra til gruppa. Lag inne i gruppa blandar seg med laga nedanfor, anten dei er inne i eller utanfor laggruppa.
Medan dei er i normal-modus vert lag i ei gruppe handsama som om dei var eit enkelt lag og vert blanda med andre lag nedanfor i stabelen. Ein modifikator på eit lag inne i gruppa blandar seg berre med lag nedanfor i gruppa.
Du kan finna meir om «gå gjennom» i Gå gjennom .
Når ei laggruppe er slått på, vil endringar i dekkevna gjelda alle laga i gruppa.
Sidan GIMP 2.10 er det råd å bruka masker på laggrupper. Dei arbeidar nokså likt ordinære lagmasker, men med desse unnataka.
Storleiken på maskene i laggruppa er alltid den same som den kombinerte storleiken på alle undergruppene. Når storleiken på gruppa vert endra, vert maska klipt til den nye storleiken ‒ område av maska som fell utføre dei nye grensene vert forkasta og område som nyleg er lagt til vert fylte med svart (og er difor som standard gjennomsiktige).
Sjølvsagt kan du framleis leggja til ei lagmaske til eit lag i gruppa for å maskera ut delar av laget.
Når du arbeidar med mange lag, kan det vera vanskeleg å finna eit bestemt lag. Sidan GIMP 2.10.10 har ein ny funksjon, lagutveljing på lerretet, vore tilgjengeleg. Bruk Alt+Midtklikk på biletelementet for å finna laget elementet høyrer til i. Alle tilgjengelege lag vert lista opp i tur og orden for å visa det nye, gjeldande laget. Namnet på laget vert mellombels vist på statuslinja.
Det har vore problem med at førehandsvisinga av store bilete med mange lag har vore svært tidkrevjande. Viss du opplever dette, kan du slå av førehandsvisinga i
→ → .