5.9. Peikardialogvindauget

Figur 15.95. Peikardialogvindauget

Peikardialogvindauget

I dette dialogvindauget får du umiddelbar informasjon om posisjonen til musemarkøren og kanalverdiane i den valde fargemodellen for den pikselen det vert peika på.

5.9.1. Aktivering

Vindauget «Peikar» er eit dokkpanel som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogvindauge og dokkpanel».

Du har tilgang til det:

  • frå biletmenyen via VindaugeDokkpanelPeikar.

  • frå fanemenyen kva dokkpanel som helst ved å klikka på fana og velja Legg til fanePeikar.

5.9.2. Innstillingane for dialogvindauget «Peikar»

Pikslar

Viser posisjonen til pikselen det vert peika på i x-koordinat (vassrett) og y-koordinat (loddrett) med det øvre, venstre hjørnet som utgangspunkt (0,0).

Einingar

Viser koordinata i tommar.

Utvalsramma

Denne informasjonen er vert slått på når det finst eit utval. X og Y er koordinata for det øvre, venstre hjørnet for rektangelet som omgjev både rektangel- og ellipseutvala. H og B er høgd og breidd for denne boksen.

Denne informasjonen finst også for andre utval, men er av liten interesse og avgrensingsboksane er ikkje synlege.

Informasjonen om utvalet vert ikkje endra om du brukar eit anna verktøy, men koordinata for peikaren vert endra.

Kanalverdiar

Kanalverdiane for den valde fargemodellen er viste nedanfor. Begge nedtrekksmenyane inneheld dei same vala slik at du lett kan samanlikne fargeverdiane for ein bestemt piksel i ulike fargemodellar. «Hex» er HTML-notasjonen for pikselfargen. Vala i nedtrekksmenyane er:

Piksel

Kanalverdien i RGB. Dette valet viser pikselverdiane for kvar av fargane raud, grøn, blå og alfa som tal mellom 0 og 255.

RGB

Kanalverdien i RGB. Dette valet viser pikselverdiane for kvar av fargane raud, grøn, blå og alfa som prosent og som heksadesimal.

HSV

Kanalverdien i HSV. Dette valet viser pikselverdiane for kvar av fargane raud, grøn, blå og alfa som prosent.

CMYK

Kanalverdien i CMYK. Dette valet viser pikselverdiane for kvar av fargane raud, grøn, blå og alfa som prosent.

Flett synlege

Dersom dette valet er avkryssa, som er normalinnstillinga, vil flettinga gjelda alle laga. Elles vert flettinga utført berre på det gjeldande laget.