Med kommandoen
kan du visa dei ulike utvidingsmodulane som er tilgjengelege og kontrollera kva for nokre som skal lastast inn. Modulane utfører funksjonar som å velja fargar og visa filtrering. Alle endringar du gjer i dette dialogvindauget vert tekne i bruk neste gong du opnar GIMP. Vala du gjer, vil også påverka minnebruken og oppstarttida for GIMP.Vindauget i modulhandsamaren viser alle lastbare modular.
Du kan klikka i rutene for å markera eller avmarkere modulane. Alle dei markerte modulane vert lasta inn automatisk neste gong du opnar GIMP.
Du vil ikkje oppdaga skilnaden før du prøver å ta modulane i bruk. Det er for eksempel mange fargeveljarar for å velja forgrunnsfarge eller bakgrunnsfarge. Nokre av desse er modular som berre er tilgjengelege når dei er aktiverte i modulhandsamaren:
Opplysningar om den valde modulen vert vist nedst i dialogvindauget for dei modulane som er lasta ned.
I den andre kolonna vert føremålet med dei nedlasta modulane vist. Dersom modulen ikkje er lasta inn, vert katalogbanen vist i staden.
Klikk på knappen
for å oppdatere lista over modulane. Modular som er fjerna frå harddisken vert fjerna, medan nye modular som vert fundne vert lagt til.