viser ei liste med informasjon om kva for måleeiningar som er i bruk i GIMP. Du kan også leggja inn nye måleeiningar som kan brukast i GIMP.
Biletet viser dialogvindauget for «einingshandsamaren». Denne lista viser kva for måleeiningar som er definerte. Du kan klikka på ein av knappane
eller for å lage nye måleeiningar slik det er forklart nedanfor.Beskriving av listeelementa
Lagra: Dersom du har kryssa av her, vert definisjonen lagra når du sluttar av GIMP. Dei einingane som er utheva med farge øvst på lista vert alltid lagra, same kva du ønskjer.
ID: Namnet GIMP brukar for å identifisera eininga.
Faktor: Kor mange einingar som må til for å få ein inch (engelsk tomme).
Siffer: Dette vert brukt i felt for innskriving av tal, og viser kor mange desimalar eininga må ha for å verta like nøyaktig som ein «inch» (engelsk tomme) skrive med to desimalar.
Symbol: Vert brukt berre dersom det finst eit eige symbol for eininga, som t.d. " for tommar. Elles vert den vanlege forkortinga for eininga brukt.
Forkorting: Den vanlege forkortinga for eininga. (T.d. «cm» for centimeter).
Singularis: Namnet på eininga i eintalsform.
Pluralis: Namnet på eininga i fleirtalsform.
Du får fram dialogvindauget vist ovanfor ved å klikka på ein av knappane
eller i . Innhaldet i kvart av felta er omtalt ovanfor.Dersom du klikkar på knappen Einingshandsamaren. Du kan redigera verdiane for å laga ei ny eining.
, er dei fleste innskrivingsfelta tomme. Trykkjer du knappen kjem dialogvindauget opp ferdig utfylt med verdiane frå den eininga du har markert i