6.33. Innstillingar for rutenettet…

Kommandoen innstillingar for rutenettet vert brukt for å bestemma utsjånaden for rutenettet du kan leggja over biletet for å gjere tilpassingane meir nøyaktige. Du kan velja farge for nettet, avstanden mellom linjene og forskyving i høve til biletet. Endeleg kan du også velja mellom fem ulike rutemønster.

6.33.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne kommandoen på biletmenyen via BileteInnstillingar for rutenettet….

6.33.2. Beskriving av dialogvindauget «Innstillingar for rutenettet»

Figur 16.98. Dialogvindauget «Innstillingar for rutenettet»

Dialogvindauget «Innstillingar for rutenettet»

Utsjånad

Du brukar dette dialogvindauget for å bestemma utsjånaden på det rutenettet som kjem fram når du slår på rutenettet.

Linjestil
Kryss (prikkar)

Dette er den minst iaugnefallande stilen, med ein liten prikk i kvart krysningspunkt.

Kryss (trådkors)

Dette er normalstilen, og syner eit lite kryss i kvart av krysningspunkta.

Stipla

Denne stilen viser stipla linjer. Dersom desse linjene er svært nære kvarandre, kan det verta vanskeleg å bruka rutenettet.

Dobbeltstipla

Denne stilen viser stipla linjer der fargen på linjene vekslar mellom forgrunnsfargen og bakgrunnsfargen annakvar gong.

Heiltrukke

Denne stilen viser heiltrukne linjer i forgrunnsfargen.

For- og bakgrunnsfarge

Klikk på fargeruta for å velja ein ny farge for rutenettet.

Mellomrom

Breidd og høgd

Du bestemmer her cellestorleiken for nettet, dvs. avstanden mellom linjene, i den måleeininga du ønskjer.

Forskyving

Breidd og høgd

Du bestemmer kor mykje rutenettet skal forskyvast i forhold til biletet. Koordinata har, som vanleg, utgangspunkt i øvre, venstre hjørne (0,0).