8.3. Fargetemperatur

8.3.1. Oversyn

Figur 16.148. Verknaden av filteret «Fargetemperatur»

Verknaden av filteret «Fargetemperatur»

Originalbilete med ein fargetemperatur stipulerttil 5.000K

Verknaden av filteret «Fargetemperatur»

Endra bilete med fargetemperaturen sett til 6.500K


Filteret for fargetemperatur vert brukt for å justera fargetemperaturen for ei lyskjelde i Kelvingrader. Det kan brukast for å korrigera blåstikk i bilete, men også (i nokre tilfelle) for å korrigera raudstikk i bilete teke i lampelys med kameraet sett til dagslys.

Du kan også bruka det til å laga interessante kreative effektar.

[Notat] Notat

Denne kommandoen verkar ikkje på bilete i gråtoner. Dersom biletet er i gråtoner er kommandoen kopla ut.

8.3.2. Aktivering

Du har tilgang til denne kommandoen på biletmenyen via FargarFargetemperatur.

8.3.3. Innstillingar

Figur 16.149. Innstillingane for filteret «Fargetemperatur»

Innstillingane for filteret «Fargetemperatur»

Forval

«Forval» er ein felles eigenskap for fleire fargekommandoar. Du finn nærare forklaring i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».

Original temperatur

Dette er den estimerte originale fargetemperaturen til lyskjeldene i Kelvingrader. Du kan endra dette fordi det på ingen måte er sikkert at desse er koda korrekt i biletet (anten du har målt dei eller ikkje). I tillegg er det ofte ei blanding av lyskjelder (eit vindauge, ein utfyllingsblits, ein haug med brennande organisk «fairtrade» bambusved hausta under ein fullmåne …). Elles kan du også få interessante, kreative effektar ved å endra det.

Ønskt temperatur

Dette er den ønskte temperaturen i Kelvingrader.

Blandingsalternativ, førehandsvising og delt vising

Dette er felles eigenskapar forklarte i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».

Figur 16.150. Forval for fargetemperatur

Forval for fargetemperatur

[Tips] Tips

Både den originale og den ønskte temperaturen kan setjast frå forvala. Trykk på knappen med trekantsymbolet til høgre for vala for å få tilgang til menyen for forvala.