8.4. Kulør-kroma

Filteret «Kulør-kroma» er ein annan måte å endra metninga på. Du finn ei grei forklaring på kroma og metning (på engelsk) i https://ninedegreesbelow.com/photography/changing-saturation-using-lch-chroma.html .

8.4.1. Aktivering

Du har tilgang til denne kommandoen på hovudmenyen via FargarKulør-kroma.

8.4.2. Innstillingar

Figur 16.151. Innstillingar for «Kulør-kroma»

Innstillingar for «Kulør-kroma»

Forval

«Forval» er ein felles eigenskap for fleire fargekommandoar. Du finn nærare forklaring i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».

Kulør

Du kan bruka glidebrytaren eller dei små pilene for å velja ein kulør i fargesirkelen (-180°, 180°).

Kroma

«Kroma»: kor rein fargen er. Flytting av glidebrytaren gjer fargane meir eller mindre reine.

Lysverdi

Denne glidebrytaren og dei små pilknappane vert brukte for å velja ein verdi (lysverdi): -100, 100.

Blandingsalternativ, førehandsvising og delt vising

Dette er felles eigenskapar forklarte i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».