Filteret omformar biletet slik at det liknar på eit relieff. Lyse område vert løfta og mørke område vert senka. Du har full kontroll over kor sterk relieffverknaden skal verta.
Notat | |
---|---|
Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar». |
Dette endrar fargane i biletet til gråtoner og relieffet vert tydelegare, og ser ut som metall. Sjølv om biletet ser ut som gråtonar, vert ikkje fargemodusen endra. I dei fleste tilfella betyr dette at det vert verande i RGB, men du kan også bruka dette filteret på indekserte og gråtonebilete.
Gir ein mjuk relieffverknad i originalfargane.
Denne kontrollen bestemmer kva himmelretning lyset skal kome frå. Utgangspunktet 0° tilsvarar aust (frå høgre), 90° tilsvarar nord (ovanfrå), 180° vest (frå venstre) og 270° sør (nedanfrå).
Elevasjon er høgda frå horisonten (0°) og i til vanleg opp til senit (90°), men her betyr det opp til den motsette horisonten (180°).
Humpane vert høgare og hola djupare når Djupn vert auka.