3.12. Lim inn som

Denne kommandoen limer inn innhaldet frå utklipstavla. Dersom tavla er tom, vil du få ei feilmelding om dette:

Det finst ingen måtar å tømma utklippstavla på, så kanskje du får opp eit gammalt bilete som du har gløymt at du la der.

Denne kommandoen opnar ein ny meny:

Figur 16.17. Undermenyen «Lim inn som»

Undermenyen «Lim inn som»

3.12.1. Lim inn som nytt lag

Kommandoen Lim inn som nytt lag opprettar eit nytt biletlag i det aktive biletet og limer det som måtte finnast på utklippstavla inn i dette. Dersom utklippet ikkje er firkanta, vert alle områda som ikkje rekk ut til kantane markerte som gjennomsiktige. Det vert om nødvendig lagt til ein alfakanal automatisk. Du må sjølvsagt kopiera utvalet før du brukar denne kommandoen.

3.12.1.1. Aktivering

Du har tilgang til denne menyoppføringa frå biletmenyen via RedigerLim inn somNytt lag.

3.12.2. Lim inn som nytt lag på plass

Kommandoen Lim inn som nytt lag på plass opprettar eit nytt lag i det gjeldande biletet og limer inn innhaldet i utklippstavla med dei same koordinata som det hadde der det vart kopiert frå.

Denne eigenskapen gjeld både for den vanlege utklippstavla og for namngjevne bufferar.

3.12.2.1. Aktivering

Du har tilgang til denne kommandoen frå biletmenyen via RedigerLim inn somNytt lag på plass.

3.12.3. Lim inn som nytt bilete

Kommandoen Lim inn som nytt bilete opprettar eit nytt biletvindauge og limer det som måtte finnast på utklippstavla inn i dette. Dersom utklippet ikkje er firkanta, vert alle områda som ikkje rekk ut til kantane markerte som gjennomsiktige. Det vert om nødvendig lagt til ein alfakanal automatisk. Du må sjølvsagt kopiera utvalet før du brukar denne kommandoen slik at du får eit bilete med same dimensjonane som utvalet.

Denne menyoppføringa er den same som menyvalet FilOpprettFrå utklippstavla.

3.12.3.1. Aktivering

Du har tilgang til denne kommandoen frå biletmenyen via RedigerLim inn somNytt bilete, eller ved å bruka snarvegen Shift+Ctrl+V .

3.12.4. Lim inn som ny pensel

Denne kommandoen opnar eit dialogvindauge slik at du kan gje den nye penselen eit namn. Penselen vert synleg i penseldialogvindauget.

3.12.4.1. Innstillingar

Figur 16.18. Dialogvindauget for «Lim inn som ny pensel»

Dialogvindauget for «Lim inn som ny pensel»

Penselnamn

Penselnamn er det namnet som vert brukt på penselen i penseldialogvindauget.

Filnamn

Den nye penselen vert lagra som Filnamn (med filutvidinga .gbr) i den personlege brushes-mappa di.

Mellomrom

Mellomrom: Når penselen teiknar ei linje vert dette eigentleg gjort ved å setje av penselavtrykk eitt for eitt. Mellomrommet er avstanden mellom desse avtrykka. Vert mellomromma tette nok, vert linja heiltrukke.

3.12.4.2. Aktivering
  • Du har tilgang til denne kommandoen frå biletmenyen via RedigerLim inn somNy pensel.

3.12.5. Lim inn som nytt mønsterelement

Kommandoen opnar eit dialogvindauge slik at du kan setja namn på mønsterelementet. Det er dette namnet som vert vist i mønsterdialogvindauget.

3.12.5.1. Innstillingar

Figur 16.19. Dialogvindauget for «Nytt mønster»

Dialogvindauget for «Nytt mønster»

Mønsternamn

Det er dette namnet som vert synleg i Mønsterdialogvindauget.

Filnamn

Det nye mønsterlementet vert lagra som Filnamn (med utvidinga .pat) i den personlege patterns-mappa di.

3.12.5.2. Aktivering

Du har tilgang til denne kommandoen frå biletmenyen via RedigerLim inn somNytt mønsterelement.