5. Creating Shortcuts to Menu Commands

Mange av funksjonane som er tilgjengelege frå biletmenyen kan også aktiverast frå ein tastatursnarveg. Har du funksjonar du bruker ofte, kan det vere ei lette i arbeidet å lage slike snarvegar til desse. Det er to måtar å gjere dette på.

Prosedyre 12.1. Å bruke dynamiske snarvegar

  1. Først må du gå inn i menyen Brukarinnstillingar og krysse av for Bruk dynamiske tastatursnarvegar i Grensesnitt-delen av menyen. Normalt er dette valet deaktivert for å hindre at det vert laga uønskte snarvegar.

  2. Når du først er her, kontroller at også Lagra tastatursnarvegane ved avslutning er avkryssa slik at dei nye snarvegane vert lagra.

  3. For å lage snarvegen, plasserer du musepeikaren på kommandoen og skriv inn den ønskte tastekombinasjonen. Ikkje slepp opp tastane før den siste er skriven dersom du bruker fleire tastar. Pass også på at du heller ikkje leer museoeikaren,Du vil sjå at kombinasjonen dukkar opp til høgre for kommandoteksten.

  4. For å unngå konfliktar med eksisterande kombinasjonar, bør du bruke Ctrl+Alt+Tast-sekvensar for dei nye snarvegane.

Prosedyre 12.2. Using the Keyboard Shortcut Dialog