6. Personleg startskjerm

Medan GIMP vert opna, kjem det fram eit startbilete som viser framgangen medan programmet lastar inn dei ulike komponentane.

Sjølvsagt kan du tilpassa den personleg startskjermen din: Opprett mappa splashes i den private GIMP-mappa di. Plasseringa av denne mappa er avhengig av operativsystemet som er i bruk:

Kopier biletet ditt, eller bileta dine, til mappa splashes. Når du startar opp GIMP, vert biletet henta frå denne mappa. Er det fleire bilete der, vil GIMP velja eitt av dei tilfeldig.

[Tips] Tips

Forsikra deg om at bileta ikkje er for små. (Prøv t.d. med h = 450, b = 320).