5.11. Dialogvindauget for tastesnarvegar

Med dialogvindauget for tastesnarvegar kan du endra eller leggja til ein tastesnarveg til ein menykommando, eit verktøy, eit filter osv.

Figur 15.103. Dialogvindauget for tastesnarvegane

Dialogvindauget for tastesnarvegane

5.11.1. Aktivering

Du har tilgang til denne menyen

  • frå hovudmenyen via RedigerTastesnarvegar,

  • eller gå til bolken grensesnitt og klikk på knappen Set opp tastesnarvegar… i dialogvindauget for innstillingar.

5.11.2. Bruka dialogvindauget for tastesnarvegane

Viss du alt veit kva kommando du vil endra snarvegen for, kan du bruka feltet Søk for å finna det. Dette vil korta ned lista over moglege kommandoar til den eine som inneheld søkjeteksten.

Midtområdet i dialogvindauget viser handlingskategoriane til venstre. Du kan utvida ein kategori ved å trykkja + og gøyma han ved å trykkja på -. Kvar utvida handlingskategori vil visa deg ei liste over tilgjengelege handlingar. Den midtre kolonnen viser kva snarveg som er tilordna kvar handling, eller «Slått av» når handlinga ikkje har ein snarveg. Kolonnen «Namn» viser namnet som GIMP kjenner handlinga med.

Figur 15.104. Tilordna ein tastesnarveg

Tilordna ein tastesnarveg

Teksten «Ny snarveg…» viser at GIMP ventar på at du skal skriva inn ein ny snarveg for handlinga Legg til alfakanal.


Når du har funne handlinga du vil setja opp snartastar for, trykk på linja som viser handlingsdetaljane. Snarveg for den linja vil endra seg til Ny snarveg. GIMP ventar no på at du skal setja inn ein ny snarveg. Så snart du skriv inn ein ny snarveg, vert han lagt til handlinga viss snarvegen ikkje alt er i bruk. Viss det er tilfelle, får du melding om kva handling snarvegen er i bruk for og eit spørsmål om kva du vil gjera. Du kan anten velja å ta i bruk den nye snarvegen, eller ikkje.

Du kan fjerna ein snarveg som finst ved å velja linja med snarvegen og så trykkja på Rette-tasten for å sletta teksten på linja.

Nedst i vindauget er det eit val som fortel om GIMP skal lagra snarvegane ved avslutning. Viss denne er slått på (standard), vert alle snarvegar som er endra lagra når du lukkar GIMP. Viss denne ikkje er merkt, må du lagra snarvegane ved å trykkja knappen Lagra før du lukkar vindauget.

Nedst i dialogvindauget finn du tre knappar:

  • Hjelp: opnar denne hjelpesida.

  • Lagra: Vil lagra alle endringar du har gjort utan å lukka vindauget.

  • Lukk: Vil lukka dialogvindauget utan å lagra endringane, men alle endringane vil vera i bruk til du lukker GIMP. Kva som skjer då, er avhengig av valet sett for lagra snarvegane ved avslutning nemd ovanfor.