2.2. Hjelpelinjer

Figur 12.37. Bilete med fire hjelpelinjer

Bilete med fire hjelpelinjer

I tillegg til rutemønsteret kan du i GIMP også bruka hjelpelinjer for å plassere biletelement. Dette er vassrette og loddrette linjer som vert lagt midlartidig på biletet medan du arbeidar med det.

Du lagar ei hjelpelinje ganske enkelt ved å klikka på ein av linjalane i biletvindauget og halda nede den venstre museknappen medan du dreg hjelpelinja til ønskt plass. Hjelpelinja følgjer musepeikaren som ei blå prikkelinje. Når hjelpelinja er oppretta, vert flytteverktøyet slått på og musepeikaren viser flyttesymbolet.

Har du behov for å plassera hjelpelinja meir nøyaktig, kan du bruka ein av kommandoane Ny hjelpelinje, Ny hjelpelinje (i %) eller Ny hjelpelinje frå utval.

Du kan laga så mange hjelpelinjer som du ønskjer, og du kan plassera dei kvar som helst i biletet. Du kan også flytta ei hjelpelinje etter at du har laga ho, men då må du anten slå på flytteverktøyet i verktøykassa eller trykkja M-tasten. Klikk og dra på kryssingspunktet mellom to hjelpelelinjer for å flytta begge samstundes. Du sletter ei hjelpelinje ved å dra ho utføre biletet. Held du nede Shift-tasten kan du flytta alt utanom hjelpelinjene.

Eigenskapane til hjelpelinjene er avhengig av kva Flytt-modus som er sett for flytteverktøyet. Med modus sett til Lag, vil musepeikaren visa ei lita hand når han kjem nær nok ei hjelpelinje. Hjelpelinja vert raud for å visa at ho er slått på. Du kan no flytta hjelpelinja eller fjerna ho ved å flytta ho inn til ein av linjalane. Dersom flyttemodus er sett til Utval kan du ikkje flytta hjelpelinja etter at ho er plassert på biletet.

Som med rutenettet, kan du også låsa objekt til hjelpelinjene. Bruk VisFest til hjelpelinjer i biletmenyen. Har du så mange hjelpelinjer at det vert vanskeleg å finjustera biletet, kan du gøyma hjelpelinjene ved å fjerna markeringa for VisVis hjelpelinjer i biletmenyen. Du bør gjera hjelpelinjene synlege att så snart du kan, elles er det lett å verta forvirra neste gong du prøvar å laga ei hjelpelinje og ikkje ser noko i det heile.

Dersom du meiner det er enklare å arbeida utan synlege hjelpelinjer, kan du slå dei av permanent ved å fjerna merket for «Vis hjelpelinjer» i Biletvindauge i hovudmenyen. Kanskje ikkje særleg lurt å gjere dette, men det er altså mogleg.

Du kan fjerna hjelpelinjene med menyvalet BileteHjelpelinjerFjern alle hjelpelinjer.

[Notat] Notat

Anna bruk av hjelpelinjer: Programtillegget Del opp kan bruka hjelpelinjene for å dela opp eit bilete i fleire mindre bilete.