6.30. Ny hjelpelinje (i prosent)

Kommandoen Ny hjelpelinje (i prosent) plasserer ei hjelpelinje i biletet med koordinata spesifiserte i prosent av høgd og breidd.

[Tips] Tips

Du kan leggja til hjelpelinjer mykje raskare ved å dra dei ut frå biletlinjalane og plassere dei der det passar. Rett nok er det vanskelegare å plassere hjelpelinjene nøyaktig på denne måten, men som oftast går det bra.

6.30.1. Aktivering

Du har tilgang til denne kommandoen på biletmenyen via BileteHjelpelinjerNy hjelpelinje (i prosent).

6.30.2. Beskriving av dialogvindauget

Når du vel denne menyoppføringa vert det opna eit dialogvindauge der du kan bestemma Retning og Posisjon i prosent for den nye hjelpelinja.

Denne innstillinga er interessant viss du vil plassera hjelpelinjer nøyaktig i midten av biletet ved å bruka 50 %.

Figur 16.97. Dialogvindauget for «Ny hjelpelinje (i prosent)»

Dialogvindauget for «Ny hjelpelinje (i prosent)»

Retning

Du kan velja Retning for hjelpelinja, anten Vassrett eller Loddrett ved hjelp av nedtrekkslista.

Posisjon

Du kan også bestemme Posisjonen til den nye hjelpelinja. Utgangspunktet (0,0) er øvre, venstre hjørne av lerretet.