Dette filteret legg til ein gjennomskinleg 3D-effekt i utvalet eller alfakanalen. 3D-effekten vert laga med
Ved å leggja inn høglys ved hjelp av eit nytt lag («Highlight») over det gjeldande laget. Dette laget vert fylt med den valde høglysfargen. Deretter vert det lagt til ei lagmaske i det nye laget for å gjera pikslane i laget delvis gjennomsiktige.
Høglyslaget med lagmaska
Venstre og øvre kant av markeringa er måla med uthevingsfargen: difor vert «høglys»-laget utvida med éin piksel til venstre og oppover. Desse små områda vert ugjennomsiktige.
Oppretting av slagskugge nede til høgre i utvalet.
Du kan sjølvsagt forandra innstillingane og for eksempel bruka ulike fargar for høglyset og skuggen, eller forandra retninga og mengda av forskyvingane.
|
Notat |
|---|---|
|
If the image is in indexed mode, this menu entry is disabled. |
Filteret har to innstillingsgrupper. Kvar av dei kontrollerer høglyset eller skuggen. Dessutan ein kontrollboks for å setja oppførsla til utvalet.
Desse forskyvingane bestemmer breidda på dei kantane som skal malast med høglysfargen. Dersom forskyvinga er mindre enn 0 (normalinnstillinga) vil den venstre (X-forskyving < 0) og den øvre kanten (Y-forskyving < 0) vert farga. Er verdiane større enn 0 vert den venstre kanten (X-forskyving > 0) eller den nedre kanten (Y-forskyving > 0) farga.
Dette er høglysfargen som vert brukt på dei valde områda. Normalinnstiullinga er kvit, men du kan skifte farge ved å klikka i fargeruta for å få fram fargeveljaren.
Denne glidebrytaren bestemmer kor gjennomsiktig det valde området skal vere. Sidan dette vert gjort ved hjelp av ei lagmaske, går området for glidebrytaren frå 0 (full gjennomsikt) til 255 (full dekkevne).
Normalinnstillinga er sett til 66, som tilsvarar 26 %.
Desse innstillingane verkar på same måte som innstillingane for filteret slagskugge, men utan å endra storleiken:
Klikk på knappen for å opna fargeveljaren.
Dekkevna (0% - 100%) for laget som inneheld slagskuggen.
Radius brukt av filteret Gaussisk sløring og vert lagt til i skuggen.
Lengda og retninga som skuggen vert flytt frå utvalet.
Dersom denne er avkryssa, vil det gjeldande utvalet også vere det gjeldande utvalet etter at filteret er brukt.