8.36. Alien Map

8.36.1. Oversyn

Figur 16.187. Eksempel på bruk av filteret «Alien map»

Eksempel på bruk av filteret «Alien map»

Det opphavlege biletet

Eksempel på bruk av filteret «Alien map»

Filter brukt med standardinnstillingar


Dette filteret forvrenger bildefargane kraftig ved å bruka trigonometriske funksjonar for å kartleggja fargeverdiar.

8.36.2. Slik slår du på filteret

Du har tilgang til filteret frå hovudmenyen via FargarKartAlien map.

8.36.3. Innstillingar

Figur 16.188. Dialogvindauget for «Alien Map»

Dialogvindauget for «Alien Map»

Forval, Blandeinnstillingar, Førehandsvising, Flett samman filter, Delt vising
[Notat] Notat

These options are described in Del 8.1.2, «Felles eigenskapar for fargar».

Color model

Fargemodellen brukt i omforminga. Vala er RGB (standard) og HSL (kulør, metning og lysverdi).

Vald fargemodell endrar dei neste innstillingane.

Raudfrekvens, Grønfrekvens, Blåfrekvens, Kulørfrekvens, Metningsfrekvens, Lysfrekvens

Desse glidebrytarane bestemmer frekvensmultiplikatoren for kvar komponent i fargeomforminga.

Raudt faseskift, Grønt faseskift, Blå faseskift, Kulør faseskift, Metning-faseskift, Lys faseskift

Desse glidebrytarane og vinkelveljarane bestemmer kor mykje faseskiftet skal vera frå ein komponent til ein annan for den valde inngangskomponenten.

Behald raud-komponenten, Behald grøn-komponenten, Behald blå-komponenten, Behald kulør-komponenten, Behald metning-komponenten, Behald lys-komponenten

Desse avkryssingsboksane gjer at du kan gjera endringar i ein eller fleire av komponentane. Alle komponentane som er avkryssa her kan ikkje endrast av filteret.