16.3. Alien Glow

16.3.1. Oversyn

Figur 17.376. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Filteret «Alien Glow»

Eksempel på bruk av filteret

Logoen for «Alien Glow»


Filteret lagar eit nifs glød rundt alfakanalen i det aktive laget.

Filteret, som er utvikla frå skriptet «Alien Glow» (FilHent innLogoarAllien Glow i biletmenyen), lagar ein logo med teksteffekten vist ovanfor.

[Åtvaring] Åtvaring

Storleiken på biletet blir alltid sett til den same som det aktive laget.

16.3.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterAlfa til logoAlien Glow

16.3.3. Innstillingar

Figur 17.377. Innstillingar for filteret «Alien Glow»

Innstillingar for filteret «Alien Glow»

Glødstorleik (pikslar × 4)

Dette er eigenleg skriftstorleiken brukt i Script-Fu-skriptet «Alien Glow», men verdien her blir også brukt til å bestemme to andre verdiar. Gløden blir forstørra med «gødstorleik» / 30 og radius for den mjuke kanten blir sett til «glødstorleik» / 4. Ut frå dette kan det vere greitt å bruke høgda på objektet som glødstorleik.

Glødfarge

Dette er fargen på den «nifse» glødinga. Forvalet er sett til grøn (63,252,0), men du kan sjølvsagt forandre fargen ved å klikke i fargeruta.

16.3.4. Filterdetaljar

Dette er lett å reprodusera «alien glow»:

  • Dersom det er nødvendig, opprett eit utval frå alfakanalen av det aktive laget.

  • Fyll utvalet med følgjande fargeovergang med blandeverktøyet sett til: Form = Forma (sfærisk); Fargeovergang = FG til BG (RGB), med FG = mørkgrå (79,79,79), BG = svart.

  • Opprett eit nytt lag («Alien Glow») nedanfor. Utvid utvalet lite grann, lag mjuke kantar på det og fyll det med glødfarge.

  • Opprett ein ny bakgrunn fylt med svart.