7.2. Nytt lag

Kommandoen Nytt lag opnar dialogvindauget Opprett eit nytt lag der du kan legge til eit nytt, tomt lag i stabelen like over det aktive laget. du kan velje namn, storleik og fylltype for det nye laget.

7.2.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne kommandoen på biletmenyen via LagNytt lag

7.2.2. Beskriving av dialogen «Nytt lag»

Figur 16.90. Dialogvindauget for «Nytt lag»

Dialogvindauget for «Nytt lag»

Under tittelen «Opprett eit nytt lag» kan du sjå namnet på det biletet dette laget blir oppretta i. Oppe til høgre blir det vist ein miniatyr av dette biletet. Dette som ein kontroll på at du har vald det rette biletet når du har fleire framme på skjermen samstundes.

Namn på laget

Her kan du skrive inn eit namn på laget. Namnet blir ikkje brukt til anna enn å gjere det lettare for deg å halde styr på dei ulike laga. Dersom du ikkje skriv inn noko her, vil det nye laget få namnet «Nytt lag». Skulle du velje eit namn som er i bruk frå før, vil det bli lagt til eit tal, for eksempel «Nytt lag#1», når du klikkar på knappen OK.

Breidde og høgde

Dette bestemmer storleiken på det nye laget. Dersom forslaget som står i tekstboksane ikkje passer, kan du skrive inn nye tal eller bruke piltastane til høgre for tekstboksen.

Fylltype for laget

Du kan velje mellom fire ulike måtar å fylle laget: Med gjeldande Forgrunnsfarge, gjeldande Bakgrunnsfarge, Kvit eller Gjennomsiktig.