4.13. Krusning

4.13.1. Oversyn

Figur 17.67. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «Krusning»


Filteret legg småbølgjer eller krusningar inn i det aktive laget eller utvalet. Effekten kan minne om refleksjonar i uroleg vatn.

4.13.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterForvrengningarKrusning

4.13.3. Innstillingar

Figur 17.68. Innstillingane for filteret «Krusning»

Innstillingane for filteret «Krusning»

Førehandsvising

Førehandsvisinga syner endringane i biletet etter kvart som du endrar parametra. Endringane blir ikkje lagt inn i biletet før du trykker på knappen OK.

Innstillingar
Kantutjamning

Dette forbetrar den eventuelle hakkete utsjånaden til kantane.

Behald flislegginga

Dersom biletet er flislagt, blir dei saumlause overgangane uforandra.

Orientering

Her kan du bestemma om bølgjene skal vere Horisontale eller Vertikale.

Kantar

Sidan filteret forskyv pikslar i biletet, kan det hende at det forsvinn pikslar frå kantane av biletet. Du kan her bestemme korleis dei manglande pikslane skal erstattast.

  • Linjebryting: Dei pikslane som blir borte frå ei side, dukkar opp på motsett side og erstattar pikslane som forsvinn frå denne sida.

  • Smør ut: Dei overskytande pikslane blir spreidde utover for å erstatte dei manglande pikslane.

  • Dersom Blank er aktivert, vil dei manglande pikslane bli erstatta med svart dersom laget ikkje har alfakanal eller bli gjennomsiktige dersom laget har alfakanal.

Bølgjetype

Vel utsjånaden til bølgjene:

  • Sagtann

  • Sinus

Periode

Bestemmer bølgelengda (0 til 200 pikslar)

Amplityde

Bestemmer bølgehøgda (0 til 200 pikslar)

Faseskift

Bestemmer kor mykje (0 - 360 gradar) bølgja skal vere «forseinka». Køyrer du filteret ein gong til med dei same innstillingane men med ei faseforskyving på 180, vil biletet bli nokså likt det opphavlege biletet.