3.6. NL-filteret

3.6.1. Oversyn

Figur 17.25. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret


NL står for det engelske «Non Linear» (= ulineær). Filteret er utleidd frå Unix-programmet pnmnlfilt og kombinerer funksjonane utglatting, støvfjerning og gjer skarpare. Filteret arbeider på heile biletet, ikkje på utval.

Dette er litt av eit universalfilter med tre distinkte operasjonsmodus. Filteret analyserer kvar piksel i biletet for seg og endrar desse ut frå innstillinga du har vald og ut frå verdien på pikselen og nabopikslane. I staden for å bruke den vanlege blokka på 3 × 3 pikslar, bruker filteret sekskanta blokker rundt sentrumspikselen. Storleiken på desse blokkene blir bestemt ut frå kva radius du har sett i innstillingane.

3.6.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterForbetreNL-filter

Filteret verkar ikkje dersom det gjeldande laget har ein alfakanal. Menyoppføringa er i tilfelle gråa ut.

3.6.3. Innstillingar

Figur 17.26. Innstillingane for «NL-filteret»

Innstillingane for «NL-filteret»

Førehandsvising

Når denne er avkryssa, vil innstillingane bli viste i førehandsvisinga.

Filter

Operasjonsmodus omtalt nedanfor.

Alfa

Bestemmer på ein skala frå 0,00 til 1,00 kor sterkt filteret skal verke. Kva denne verdien eigentleg betyr, er avhengig av vald operasjonsmodus. Dette parameteret er relatert til, men ikkje det same som, alpha-parameteret brukt i programmet pnmnlfilt.

Radius

Bestemmer storleiken på samplingsområdet rundt kvar piksel. Verdiområdet går frå 0,33 til 2,00, der 0,33 betyr at området er den eine pikselen (filteret har ingen effekt) og 1,00 betyr eit område eit 3 × 3 rutenett blir brukt.

3.6.4. Filter

Filteret kan utføre mange ulike funksjonar:

Alfa trimma middelverdi

Verdien på pikselen i sentrum av sekskanten blir sett til gjennomsnitsverdien av dei 7 sekskanta områda. Områda er rangerte etter storleik, og den høgaste og lågaste alfa-verdien blir stroken før gjennomsnittet blir rekna ut. Dette betyr at dersom alfa er sett til 0,0 vil filteret verke som eit vanleg sløringsfilter der styrken av filteret blir bestemt av verdien av radius. Når du skal bruke filteret, kan det vere lurt å prøve med alfa = 0,0 og radius = 0,55 som startverdiar. Ønskjer du større verknad, kan du i staden setje radius til 1,0.

Med ein alfa-verdi sett til 1,0 vil verdien av senterpikselen bli sett til gjennomsnittsverdien for dei 7 sekskantane. Dette kan vere eit godt utgangspunkt for å fjerne tilfeldig støy i einskilde pikslar i biletet utan å spreie støyen vidare eller å sløre resten av biletet. Du kan fininnstille verknaden med ulike verdiar for radius.

Mellomliggande alfa-verdiar vil gi ein effekt noko mellom utglatting og støyreduksjon. For ei lett filtrering kan du prøve med startverdien 0,8 for alpha og 0,6 for radius. Ønskjer du ein tydelegare effekt, kan du prøve med startverdiane alpha = 1,0 og radius = 1.0 .

Optimalt overslag

Dette filteret legg eit aukande sløringsfilter over heile biletet. Det blir rekna ut ein verdi for variajonane i pikslane i dei omkringliggande sekskantane. Mengda av sløring blir så gjort omvendt proporsjonal med denne verdien. Tanken bak dette er at små variasjonar i biletet kjem frå støy, medan større variasjonar høyrer til i biletet. Som vanleg kontrollerar Radius den effektive radiusen. I dette filteret gir ein radius mellom 0,8 og 1,0 best resultat. Alfa-verdien bestemmer støygrensa slik at alt over denne grensa vil bli mindre utglatta. Dette betyr at små verdiar gir best effekt, medan høge verdiar fører til at store delar av bietet blir glatta ut. Du kan starte med Alpha = 0,2 og Radius = 1,0 og prøve med litt høgare eller lågare verdiar for Alpha. Denne filtertypen er best for å mjuke opp utglattingsstøy.

Kantforbetring

Dette filteret verkar omvendt av det førre filteret. Det forsterkar kantar i biletet. Alpha-innstillinga kontrollerar mengda av kantforbetring, frå nesten ingenting (0,1) til det heilt overdrivne (0,9). Også her bestemmer radius effektiv radius. Brukbare verdiar kan vere mellom 0,5 og 0,9. Eit høveleg startgrunnlag kan vere alfa = 0,3 og radius = 0,8 .

3.6.4.1. Filterkombinasjonar

Det er ingenting i vegen for å køyre eit filter fleire gonger, eller å bruke ulike filter på same biletet. Ønskjer du for eksempel å gjere eit uskarpt monokromatisk bilete om til eit gråskalabilete, kan du prøve ein eller to rundar med utglattingsfilteret (Alfabasert middelverdi) og deretter ei gjennomkøyring med filteret Optimalt overslag. Til slutt prøver du ei forsiktig kantforbetring. Som oftast blir resultatet best når du køyrer kantforbetringa til slutt i prosessen. Dette fordi kantforbetring er det motsette av utglatting.

For å fjerne spor etter fargekvantisering, t.d. når eit GIF-bilete blir omforma tilbake til 24-bits bilete, kan du prøve ei gjennomkøyring av filteret med optimalt overslag med innstillingane alpha = 0,2 og radius = 1,0 og deretter ein runde med alfabasert middelverdi med alpha = 1,0 og radius = 0,55. Kanskje også ei kantforbetring til slutt. Har du bruk for store endringar med filteret optimalt overslag, vil resultatet som oftast bli best om du køyrer filteret fleire gonger med minkande alpha-verdiar enn om du køyrer det ein gong med store alpha-verdiar. Det er kanskje også på sin plass å minne om at det alltid er ein samanheng mellom graden av filtrering og tap av detaljar i biletet. Den beste løysinga er å prøve seg fram.