10.6. GIMPressionist

10.6.1. Oversyn

Figur 17.179. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret «GIMPressionist»


Dette filteret er det mest omfattande av dei artistiske filtra. Det kan gjere det same som filtera kubisme og lerret og ein heil del i tillegg. Resultatet blir omlag som om du har malt biletet på papir med ein eller annan fritt vald pensel. Filteret arbeider på det aktive laget eller utvalet.

10.6.2. Aktivering

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterArtistiskGIMPressionist

10.6.3. Innstillingar

Figur 17.180. Innstillingane for GIMPressionist

Innstillingane for GIMPressionist

Dialogvindauget har på venstre sida ei alltid synleg førehandsvising og på høgre sida ei større mengde innstillingar for GIMPressionist i ulike faner.

10.6.3.1. Førehandsvising

Førehandsvisinga syner ikkje endringane i biletet før du har trykt på knappen Oppdater. Dette rett og slett fordi filteret bruker så mykje datakraft at det ville seinka arbeidet stendig å stendig måtte oppdatere. Skulle du kome for langt ut på viddene, kan du alltid bruke knappen Nullstill for å setje alle parametra tilbake til originalbiletet.

10.6.3.2. Fanen «Førehandsinnstillingar»

Figur 17.181. Innstillingane for «Førehandsinnstillingar» i filteret «GIMPressionist»

Innstillingane for «Førehandsinnstillingar» i filteret «GIMPressionist»

Filteret «GIMPressionist» har mange ulike innstillingar. I tillegg kan desse innstillingane kombinerast og såleis gi nesten uteljande mange ulike påverknader på biletet. Difor er det også viktig å lagra eventuelle interessante innstillingar du måtte kome fram til. Det er uråd å hugse alle kombinasjonane. Sidan utvalet er så stort, er det også vanskeleg å vite på førehand kva resultatet blir.

Innstillingane for «Førehandsinnstillingar»

Lagra gjeldande

Lagrar dei gjeldande innstillingane. Bruk dialogboksen til venstre for denne knappen til å gi innstillingane eit namn og eventuelt ei kort beskriving i dialogvindauget som dukkar opp.

Bruk

Trykk på denne knappen for å hente parametra for den valde førehandsinnstillinga i lista.

Slett

Trykk på denne knappen for å slette den valde førehandsinnstillinga i lista. Du kan bare slette innstillingar du har laga eller lagt inn sjølv.

Oppfrisk

Oppdaterer lista over førehandsinnstillingar.

10.6.3.3. Fanen «Papir»

Figur 17.182. Innstillingane for «Papir» i filteret «GIMPressionist»

Innstillingane for «Papir» i filteret «GIMPressionist»

I denne fanen kan du velje teksturen på biletoverflata frå lista med ferdiglaga teksturane. Strukturen for den valde teksturen blir vist i ei førehandsvising.

Innstillingane for fanen «Papir»

Inverter

Inverterer den valde teksturen slik at det som før såg ut som ei hole nå ser ut som ein hump, og omvendt.

Overlegg

Den valde teksturen blir lagt over biletet som eit gjennomsiktig papir i staden for å påverka biletet direkte.

Skalering

Denne glidebrytaren bestemmer storleiken på teksturen i prosent av originalen. 100% betyr at mønsteret blir det same som vist i førehandsvisinga.

Relieff

Med denne glidebrytaren bestemmer du styrken på teksturen, altså kor mykje teksturen skal vere synleg i biletet.

10.6.3.4. Fanen «Pensel»

Figur 17.183. Innstillingane for «Pensel» i filteret «GIMPressionist»

Innstillingane for «Pensel» i filteret «GIMPressionist»

I denne fanen finn du alle «reiskapa» som kan brukast for å teikne på biletet. Du finn her ei liste over alle tilgjengelege «penslar» og ei førehandsvising av den valde penselen.

Innstillingane for fanen «Pensel»

Gamma

Den lille glidebrytaren blir brukt for å velje gammaverdi for den valde penselen. Gammaverdiane påverkar lysverdien i midttonene i biletet.

Vel

Det er også råd å bruke eigne bilete som penslar. Einaste kravet er at biletet må vere synleg på skjermen før du opnar filteret. Naturlegvis bør slike bilete ver nokså små for å få ein brukbar effekt.

Dersom biletet du bruker har fleire biletlag, vil kvart av desse bli vist i utvalslista, og i førehandsvisinga dersom laget er aktivisert, og kan bli brukt som pensel.

Du kan lagra den aktiviserte penselen ved å trykke på knappen Lagra som.

Sideforhold

Denne glidebrytaren blir brukt for å bestemma forholdet mellom høgde og breidde for penselen. Den minste verdien (-1,0) set penselen til full horisontal breidde og neste ikkje høgde. Maksimalverdien (1,0) gjer penselen mykje høgare i høve til breidda. Forandringane blir viste i førehandsvisinga.

Relieff

Her bestemmer du mengda av farge for kvart strøk. Høge verdiar kan gi ein effekt av å legge på maling med palettkniv.

10.6.3.5. Fanen «Orientering»

Figur 17.184. Innstillingane for «Orientering» i filteret «GIMPressionist»

Innstillingane for «Orientering» i filteret «GIMPressionist»

Dei innstillingane som påverkar orienteringa av penselstrøka er samla i denne fanen. Ved å variera strøkretninga vil biletet bli meir likt slik ein malar gjer det.

Innstillingane for fanen «Orientering»

Retningar

Her bestemmer du kor mange gonger penselen skal passera eit punkt med ulik strøkretning kvar gong. Resultatet blir eit tykkare malinglag.

Startvinkel

Denne glidebrytaren bestemmer ikkje bare vinkelen for første strøket, men gjer denne vinkelen til hovudretninga for dei fleste strøka. Dette blir ofte brukt for å gi inntrykk av rørsle i biletet.

Vinkelspenn

Definerer vinkelen, sektoren, for «vifta» i strøket.

Orientering

Her vel du ut kva kriteriar som skal bestemma retninga på penselstrøka.

Verdi

Retninga på penselstrøka blir bestemt ut frå lysverdien i området.

Radius

Avstanden frå biletsenteret bestemmer retninga på penselstrøka

Tilfeldig

Gir ei tilfeldig retning på penselstrøka.

Radial

La retninga frå biletsenteret bestemma retninga på penselstrøka

Flygande

Eigentleg ikkje ei retning. Lager «svevande» penselstrok.

Kulør

Retninga på penselstrøka blir bestemt ut frå kuløren i området.

Tilpassande

Retninga på penselstrøka blir mest mogleg bestemt ut frå retningar i originalen.

Manuell

Dersom du trykker på knappen Rediger vil du få opp dialogen for retningskarthandteraren slik at du kan setje strøkretningane manuelt.

10.6.3.6. Fanen «Storleik»

Figur 17.185. Innstillingane for «Storleik» i filteret «GIMPressionist»

Innstillingane for «Storleik» i filteret «GIMPressionist»

I denne fanen er alle innstillingane som verkar inn på storleiken til penslane samla. Du kan også setje avgrensingar, og i tillegg velje kva som skal styre storleikane.

Innstillingane for fanen «Storleik»

Dei tre glidebrytarane bestemmer kor store penslane skal vere og kor mange ulike storleikar du kan ha i biletet.

Storleik

Kor mange ulike penselstorleikar som skal vere i bruk.

Minimumstorleik, Maksimumstorleik

Penslane vil få ein storleik mellom desse verdiane. Dess større storleik dess større blir breidda og lengda av strøka.

Storleik

I denne tabellen vel du kva som skal styra storleiken på penselstrøka.

Verdi

Storleiken blir bestemt ut frå lysverdien i området.

Radius

La avstanden frå biletsenteret bestemma storleiken på penselstrøket

Tilfeldig

Set ein tilfeldig storleik for kvart strøk.

Radial

La retninga frå biletsenteret bestemma storleiken på penselstrøket

Flygande

Gjer at strøka følgjer eit «svevande» mønster.

Kulør

Storleiken blir bestemt ut frå kuløren i området.

Tilpassande

Vel den penselstorleiken som kjem nærast originalbiletet

Manuell

Dersom du trykker på knappen Rediger vil du få opp dialogen for Retningskarthandteraren slik at du kan setje strøkretningane manuelt.

10.6.3.7. Fanen «Plassering»

Figur 17.186. Innstillingane for «Plassering» i filteret «GIMPressionist»

Innstillingane for «Plassering» i filteret «GIMPressionist»

I denne fanen kan du bestemme korleis penselstrøka skal fordelast i biletet.

Innstillingane for fanen «Plassering»

Plassering

Når det gjeld måten å plassera penselstrøka på, har du to val:

Tilfeldig

Med dette valet blir penselstrøka fordelt tilfeldig i biletet. Dette gir ei meir realistisk teikning.

Likt fordelt

Plasserer strøka jamnt utover biletet

Dekkevne for strøka

Bestemmer kor tett malinga skal vere. Med liten dekkevne vil papiret eller bakgrunnen vere synleg i område som ikkje er dekka av penselstrøk.

Sentrert

Konsentrer penselstrøka omkring sentrum av biletet.

10.6.3.8. Fanen «Farge»

Figur 17.187. Innstillingane for «Farge» i filteret «GIMPressionist»

Innstillingane for «Farge» i filteret «GIMPressionist»

Denne fanen blir brukt for å bestemme kva som skal styre penselfargen.

Fargeinnstillingar

Farge

Du kan setje strøkfargen på to måtar:

Gjennomsnitt under penselen

Penselfargen blir gjennomsnittet av alle pikslane under penselen.

Midten av penselen

Fargen blir bestemt ut frå pikselen under midten av penselen

Fargestøy

Her kan du setje til støy i fargen for å gjere han mindre homogen.

10.6.3.9. Fanen «Generelt»

Figur 17.188. Innstillingane for «Generelt» i filteret «GIMPressionist»

Innstillingane for «Generelt» i filteret «GIMPressionist»

I denne fanen kan du bestemme kva som skal vere bakgrunnen i biletet. I tillegg styrer du også relieffverknaden for penselen frå denne fanen.

Generelle innstillingar

Bakgrunn
Behald original

Det originale biletet blir brukt som bakgrunn.

Frå papir

Bruk kopi av teksturen i det valde papiret som bakgrunn

Heiltrukke

Du kan velje farge for den einsfarga bakgrunnen ved å klikke på fargeruta.

Gjennomsiktig

Bruker ein gjennomsiktig (transparent) bakgrunn. Bare dei malte penselstrøka vil vere synlege. Dette valet er bare tilgjengeleg dersom biletet har ein alfakanal.

Teikna kantane

Dersom denne er aktivisert, vil det bli teikna ein smal kant rundt penselstrøket.

Saumlaus

Dersom denne er aktivisert, vil biletet kunne flisleggast utan synlege saumar mellom bileta. (Flislegging er å legge mange kopiar av biletet ved sida og over kvarandre for å dekke eit større område). Høgresida vil passe til venstresida og botnen til toppen. Dette er spesielt nyttig dersom du bruker biletet som bakgrunn på ei nettside.

Slagskygge

Legg ein skyggeeffekt til penselstrøka.

Formørk ved kanten

Denne glidebrytaren bestemmer kor mykje kanten av strøket skal gjerast mørkare for kvart strok. Ein høg verdi gjer at relieffverknaden av strøka blir større.

Skyggeformørking

Denne glidebrytaren bestemmer kor mykje skyggen av strøket skal gjerast mørkare for kvart strok.

Skyggedjupn

Denne glidebrytaren bestemmer kor langt ut frå objektet skyggen skal nå.

Sløring av skyggen

Denne glidebrytaren bestemmer kor mykje skyggen skal slørast.

Avviksgrense

Dette er ein grenseverdi for kor store avvik som skal føre til reaksjonar der valet av m.a. penselstorleikar blir bestemt ut frå andre verdiar i biletet.

10.6.4. Retningskarthandteraren

10.6.4.1. Oversyn

Retningskartbehandlaren er ein del av filteret GIMPressionist og kjem fram når du klikar på knappen Rediger i fanen Orientering i dette fiteret. Handteraren blir brukt til å bestemma retninga for malingstrøka i filteret.

10.6.4.2. Innstillingar

Figur 17.189. Innstillingane i dialogen «Retningskarthandteraren»

Innstillingane i dialogen «Retningskarthandteraren»

Det er råd å setje inn ein eller fleire såkalla «vektorar» som vil vere verksame på det tilsvarande området i biletet. Du kan bestemma både retninga og styrken for kvar enkelt vektor.

Vektorar

Det venstre vindauget (Vektorar) blir brukt for å styre vektorane. Når du opnar dialogvindauget er det sett inn ein vektor i sentrum av biletet. Ein utvald vektor er farga raud, dei andre vektorane er grå. Spissen (ankerpunktet) av vektoren er markert med ein kvit prikk.

  • Du kan legge til ein vektor i midten av biletet ved å klikke på knappen Legg til. Klikk med den midtre museknappen for å flytte vektoren til der du klikka.

  • Dersom du klikkar på den venstre museknappen, vil den aktive vektoren bli flytt til dit musemarkøren er plassert.

  • Dersom du klikkar på den høgre museknappen vil den aktive vektoren peike til dit musemarkøren er plassert.

  • Du kan flytter fokus til neste vektor ved hjelp av knappane << og >>.

  • Trykk på knappen Fjern for å fjerne den markerte vektoren.

[Tips] Tips

Rulleknappen til høgre for vektorpanelet blir brukt for å setje lysstyrken på biletet. Bruk denne dersom det er vanskeleg å sjå vektorane.

Førehandsvising

Dette er ikkje ei vanleg førehandsvising, men gir eit inntrykk av korleis vektorane verkar inn på biletet.

Type

Dette er ulike måtar å påverka området rundt den aktive vektoren på. Verknaden blir vist i førehandsvisinga, og er for kompleks til å kunne beskrivast på fornuftig vis.

Voronoi

Eit «Voronoi-diagram» deler eit plan med n hovudpunkt inn i n polygon der kvart polygon inneheld eitt av dei n hovudpunkta. Dei andre punkta i polygonet er nærare dette hovudpunktet enn dei andre hovudpunkta. Grensa for polygonet er altså halvvegs mellom to hovudpunkt. Her er eit eksempel på eit voronoidiagram:

Når det er avmerka for dette valet, vil bare den vektoren som er nærast eit gitt punkt påverke dette punktet.

Vinkel

Retninga til den aktive vektoren. Verknaden er den same som når du klikkar med den høgre museknappen nemnd ovanfor.

Vinkelforskyving

Med denne glidebrytaren forandrar du vinkelen til alle vektorane samstundes.

Styrke

Med denne glidebrytaren bestemmer du styrken til den aktive vektoren. Styrken avgjer kor mykje vektoren skal påverka nærliggande vektorar, og avtar med avstanden. Lengda på vektoren viser styrken.

Styrkeeksp.

Denne glidebrytaren styrer lengda på alle vektorane samstundes og endrar såleis styrken på penselstroka.

10.6.5. Storleikshandteraren

10.6.5.1. Oversyn

Storleikshandteraren er ein del av filteret GIMPressionist og kjem fram når du klikkar på knappen Rediger i fanen Storleik i innstillingane for dette fiteret. Handteraren blir brukt til å bestemma storleiken på malingstrøka i filteret.

10.6.5.2. Innstillingar

Figur 17.190. Innstillingane i dialogen «Storleikshandteraren»

Innstillingane i dialogen «Storleikshandteraren»

Det er råd å setje inn ein eller fleire vektorar som vil vere verksame på det tilsvarande området i biletet. Du kan bestemma styrken for kvar enkelt vektor.

Smvektorar

Dette vindauget blir brukt for å plassere vektorane. Ved å klikke på knappen Legg til blir det sett inn ein vektor i sentrum av biletet. Når du klikker på den midtre museknappen vil vektoren bli flytt til der du klikka. Den aktive vektoren er raudfarga med eit kvitt punkt i den eine enden, dei andre vektorane er farga grå.

Dersom du klikkar på den venstre museknappen, vil den aktive vektoren bli flytt til dit musemarkøren er plassert.

Klikk med den høgre museknappen har ingen verknad.

Du kan flytter fokus til neste vektor ved hjelp av knappane << og >>.

Klikk på knappen Fjern for å slette den aktive vektoren.

[Tips] Tips

Rulleknappen til høgre for vektorpanelet blir brukt for å setje lysstyrken på biletet. Bruk denne dersom det er vanskeleg å sjå vektorane.

Førehandsvising

Dette er ikkje ei vanleg førehandsvising, men viser reint skjematisk korleis vektorane verkar inn på biletet. Storleiken på firkantane viser penselstorleiken og penselstyrken.

Storleik

Her bestemmer du kor store penselstrøka skal vere i det valde sektorområdet.

Styrke

Med denne glidebrytaren bestemmer du styrken til den aktive vektoren. Styrken avgjer kor mykje vektoren skal påverka nærliggande område, og avtar med avstanden.

Styrkeeksp.

Endrar eksponenten for styrken på penselstrøket.

Voronoi

Sjå under Retningskarthandterareen for ei nærare forklaring.