3.7. Kopier og Lim inn

Bruk FilHent innFrå utklippstavla for å laga eit nytt bilete med innhaldet frå utklippstavla. Du kan også bruka RedigerLim inn somNytt bilete. I mange program kan du kopiere eit bilete til utklippstavla og lime det inn att i GIMP. Mange operativsystem kan også kopiere skjermen til utklippstavla. Eit vanleg oppsett er at Print Screen kopierer heile skjermen til utklippstavla medan tastekombinasjonen Alt + Print Screen kopierer det aktive vindauget. Dette gjeld ikkje alle operativsystem, så sjølv om systemet kan kopiere skjermen til utklippstavla, er det ikkje sikkert denne kan kopierast over i GIMP. Her må du berre prøve deg fram.