3. Å opna filer

Det er fleire måtar å opna eksisterande bilete i GIMP:

3.1. Opna frå menylinja

Den mest nærliggande måten å opne eit eksisterande bilete på er med kommandoen FilOpna. Det vil då kome opp eit dialogvindauge der du kan finne fram til biletfila og opne ho ved å klikke på filnamnet. Dette er vel og bra så lenge du veit namnet på fila og kvar ho er å finna. Sjølv om dialogvindauget også inneheld ei førehandsvising av biletet, er det ikkje alltid heilt enkelt å finna biletet på grunnlag av ein miniatyr.

[Notat] Notat

Når du opnar ei fil, må GIMP finna ut kva filtype dette er. Det er diverre ikkje nok berre å sjå på filutvidinga, som t.d. .jpg. Måten dei ulike filtypane blir laga på i dei ulike programma varierer nokså mykje. Dessutan er det fritt fram for å gi ei fil den utvidinga, det «etternamnet», ein ønskjer, eller å sløyfa det heilt. Så i staden for å sjå på utvidinga, prøver GIMP å sjå på innhaldet. Dei fleste biletformata har filer med «magisk heading» som identifiserer filtypen. Berre når denne headingen ikkje gir noko brukbart resultat, nyttar GIMP filutvidinga som kjennemerke på filtypen.

Figur 5.4. Dialogvindauget for «Opna bilete».

Dialogvindauget for «Opna bilete».

I GIMP 2.2 blei det tatt i bruk eit nytt dialogvindauge for å opne filer. Det skulle nå vere nokså enkelt å navigera deg fram til den ønskte fila dersom katalogoppsettet i maskinen din er nokolunde systematisk. Kanskje det beste med det nye vindauget er at du kan lage «bokmerke» for mapper du ofte bruker. Mappa «gimp» nede til venstre på figuren er eit slikt bokmerke. Dei øvste oppføringane i dialogen blir sett inn automatisk. Desse kan du ikkje gjere noko med. For å legge til den aktive mappa som bokmerke, klikkar du på knappen Legg til. Du fjernar eit markert bokmerke med knappen Fjern. Du kan enkelt opna ei mappe ved å dobbeltklikka på bokmerket.

I midten av dialogvindauget finn du ei liste over innhaldet i den valde mappa. Eventuelle underkatalogar blir lista øvst, og deretter filene. Normalt blir alle filene i mappa lista ut, men du kan avgrensa listinga til bestemte filtypar ved hjelp av utvalsmenyen «Vel filtype».

Når du markerer ei biletfil vil biletet bli vist som miniatyr til høgre i dialogvindauget saman med ein del opplysningar om biletet. Dette biletet blir lagt inn i eit hurtiglager. Er biletet forandra i mellomtida, eller du har mistanke om at miniatyren av andre grunnar ikkje viser det korrekte biletet, kan du laste det inn på nytt ved å halde nede Ctrl-tasten medan du klikkar på miniatyren.

Til vanleg vil det vere ein adresseboks (Stad:) tilgjengeleg i dialogvindauget for å opna filer. Dersom denne manglar, kan du få han igjen ved hjelp av tastekombinasjonen Ctrl + L eller ved å klikke på ikonet som viser papir og blyant oppe til venstre i vindauget.

[Notat] Notat

I dei aller fleste tilfella vil GIMP bestemma filtypen automatisk når du opnar ei fil. I nokre sjeldne tilfelle, særleg dersom filtypen er uvanleg eller dersom filnamnet er ufullstendig, kan det hende automatikken ikkje verkar. Du kan då opna Vel filtype og klikka på ønskt format. Den vanlegaste årsaka til at GIMP ikkje greier å opna ei biletfil, er likevel at fila anten er øydelagt eller at GIMP ikkje har støtte for dette formatet.