4.3. Flytteverktøyet

Figur 14.114. Symbolet for flytteverktøyet i verktøykassa

Symbolet for flytteverktøyet i verktøykassa

Flytteverktøyet blir brukt til å flytte lag, utval, hjelpelinjer og tekst.

4.3.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet anten

  • frå biletmenyen via VerktøyTransformasjonsverktøyaFlytt,

  • ved å klikke på verktøysymbolet .

  • eller ved å trykke på tasten M.

  • Flytteverktøyet blir også aktivert automatisk når du lagar ei hjelpelinje.

    [Notat] Notat

    Dersom du held nede mellomromtasten vil det aktive verktøyet bli omdanna til eit flytteverktøy. Det originale verktøyet blir aktivt igjen når du slepp tasten. (Føresetnaden er at du har vald Bytt til flytteverktøyet i RedigerBrukarinnstillingarBiletvindaugeMellomromtasten

4.3.2. Innstillingar

Figur 14.115. Innstillingane for flytteverktøyet

Innstillingane for flytteverktøyet

Normalt blir innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeVerktøyinnstillingar som vil opne verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.

Flytteverktøyet

Hugs på at innstillingane du gjer også er gyldige neste gong du opnar eitt av verktøya som bruker desse vala.

Bytt funksjon (Shift)

Dersom flytt gjeld «Lag»:

Flytt eit lag eller ei hjelpelinje

På eit bilete med fleire lag vil musepeikaren skifte til eit kryss når han er over eit element som høyrer til det aktive laget. Du kan då klikke-og-dra elementet. Dersom musepeikaren viser ei lita hand, som viser at du ikkje kan hente eit element frå det gjeldande laget, vil eit ikkje-aktivt lag bli flytt i staden. (Det blir det aktive laget under sjølve flyttinga).

Ei eksisterande hjelpelinje vil bli raud når musepeikaren er over henne. Dette betyr at linja er aktiv og kan flyttast på.

Flytt det aktive laget

Berre det aktive laget blir flytt. Dette kan vere nyttig når laget inneheld gjennomsiktige område som gjer det lett å velje feil lag.

Dersom flytt gjeld «Utval»:

Omrisset til utvalet blir flytta. (Sjå Del 2.1, “Å flytte eit utval”).

Dersom flytt gjeld «Bane»:

Vel ein bane

Dette er normalinnstillinga. Musepeikaren skifter til ei lita hand når han er over ein synleg bane for å vise at du kan flytte denne banen ved å klikke og dra. Banen blir den aktive banen under flyttinga.

Flytt den aktive banen

Berre den gjeldande banen blir flytt. Du kan bytte gjeldande bane i banedialogen

4.3.3. Bruksområda for flytteverktøyet

Å flytte eit utval

Med flytteverktøyet kan du berre flytte omrisset av eit utval. Dersom flyttemodus er sett til «Lag», må du halde nede tastekombinasjonen Ctrl + Alt.

Dersom flyttemodus er sett til utval, kan du klikke og dra kvar som helst på biletet for å flytte omrisset av utvalet. Du kan også bruke piltastane for å flytte utvalet meir nøyaktig. Held du nede Shift-tasten vil flyttinga gå i steg på 25 pikslar.

Når du flytter eit utval med flytteverktøyet, blir senteret i utvalet markert med eit lite kryss. Dersom valet VisFest til hjelpelinjene/rutenett er aktivert, vil både dette krysset og omrisset for utvalet bli fest til hjelpelinjene/rutenettet.

Sjå Del 2.1, “Å flytte eit utval” for andre tips om flytteverktøyet.

Å flytte eit lag

Dersom flyttemodus er sett til «lag», kan du velje mellom Flytt det aktive laget og, dersom du har eitt eller fleire lag, Peik til laget (eller hjelpelinje).

Å flytte samanlenka lag

Alle laga som er lenka samen (med lenkesymbolet), vil bli flytt uansett kva lag som er det aktive.

Å flytte ei hjelpelinje

Flytteverktøyet blir aktivert automatisk når du hentar ei hjelpelinje frå linjalen. Dersom du i mellomtida bruker eit anna verktøy, må du aktivere flytteverktøyet igjen for å flytte hjelpelinja. Når flytteverktøyet treff ei hjelpelinje, skifter ho til raudt og du kan klikke og dra for å flytte henne.

Å flytte ein bane

Baneverktøyet har sin eigen flyttefunksjon forklart i avsnittet Del 6.2, “Banar”. Ønskje du likevel å bruke flytteverktøyet, må flyttemodus bli sett til «Bane». Når du flytter banen på denne måten, blir han usynleg. Du må gjere han synleg igjen ved hjelp av banedialogen. Du kan anten velje banen som skal flyttast, eller du kan flytte den aktive banen.

Å flytte ein tekst

Kvar tekst har sitt eige lag og kan bli flytt som eit lag. Sjå Del 6.6, “Tekst”.