6.2. Banar

Figur 14.179. Baneverktøyet

Baneverktøyet

Dette verktøyet blir helst brukt til å lage komplekse utval, men kan også nyttast til andre ting. Ein bane er eigentleg ei spesiell vektorkurve som matematikarane vil kjenne igjen som «bézierkurver». Baneverktøyet kan likne ein del på «lassoen», men bruker vektorkurver i staden for å teikne prikk for prikk. Du kan redigere bézierkurvene, teikna med dei og både lagra og hente dei fram igjen. Du kan også bruke verktøyet for å lage geometriske figurar. Baneverktøyet har sitt eige dialogvindauge. (Eigentleg kunne dette verktøyet like gjerne heitt «kurveverktøyet»).

6.2.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet anten

  • frå biletmenyen via VerktøyBanar,

  • ved å klikke på verktøysymbolet i verktøykassa

  • eller med tastesnarvegen B.

6.2.2. Valtastane (normalinnstillinga)

[Notat] Notat

Legg merke til at det dukkar opp hjelptekstar nedst i biletvindauget når du bruker desse tastane.

Shift

Denne tasten har fleire funksjonar som er avhengige av samanhengen han blir brukt i. Sjå nærare om desse nedanfor under verktøyinnstillingane.

Ctrl, Alt

Baneverktøyet kan bli brukt i tre ulike arbeidsmodus: Lag ny, Rediger og Flytt. Ctrl-tasten bytter mellom Lag ny og Rediger. Alt-tasten (eller Ctrl+Alt) bytter mellom Lag ny og Flytt.

6.2.3. Innstillingar

Figur 14.180. Innstillingane for «baneverktøyet»

Innstillingane for «baneverktøyet»

Normalt blir innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeVerktøyinnstillingar som vil opne verktøyinnstillingane for det aktive verktøyet.

Arbeidsmodus «lag ny»

Dette er normalmodus for baneverktøyet. Du teiknar banen ved å klikka der du vil ha kontrollpunkta. Du kan flytte kontrollpunkta ved å klikka på dei og dra dei dit du vil. Mellom kontrollpunkta finn du segmenta.

Tala viser stega for å teikne ein rett bane med to segment.

Det er lett å laga boga segment ved å dra eit segment eller eit kontrollpunkt (ein node). (Kurva er på biletet indikert med blå piler). Det kjem også fram to «handtak» som du tar tak i når du vil bøye kurva.

[Tips] Tips

For å lukka kurva på raskaste måten, klikkar du på startpunktet medan du held nede Ctrl-tasten. I tidlegare versjonar blei banen omgjort til eit utval ved å klikka innføre banen. Nå må du bruka knappen Opprett utval frå bane eller knappen Strek opp bane () i verktøyinnstillingane.

[Tips] Tips

Når du har to handtak vil dei normalt arbeide symetrisk. Slepp opp museknappen for å flytte handtaka kvar for seg. Trykk ned Shift-tasten for å få dei til å arbeida symmetrisk igjen.

Du har fleire funksjonar å velje mellom når du bruker arbeidsmodus «lag ny»:

Legg til ny node: Dersom den aktive noden (kontrollpunktet, vist som ein open, tom sirkel etter at du har klikka på noden) er ved slutten av banen, vil musemarkøren ha form som eit «+»-teikn. Klikkar du ein ny plass, vil det bli laga ein ny node her, kopla til den førre noden med eit segment. Dersom den aktive noden ligg på banen, vil musemarkøren ha skap som eit kvadrat, og du kan lage ein ny komponent på banen. Denne nye komponenten er uavhengig av dei andre, men høyrer likevel med til banen. Dette kan du sjå i banedialogen. Du kan også lage ein ny komponent ved å halde nede Shift-tasten.

Flytt ein eller fleire noder: Modus blir markert ved at musemarkøren har form som eit kors av fire piler. Du kan klikke og dra med dette verktøyet. Ved å halde nede Shift-tasten, kan du velje fleire noder ved å klikke på dei. Held du nede tastekombinasjonen Ctrl+Alt, kan du flytte heile banen i eitt stykke.

Endre segment: Du må først ha redigert ein node for å få fram handtaket.Dra i handtaket for å bøya kurva. Hald nede Shift-tasten for å få fram symmetriske handtak.

Endre segment: Når du klikkar på eit segment (linja mellom punkta), vil musemarkøren endra utsjånad til 4-pilskrossen. Dra for å bøya segmentet. Så snart du byrjar å flytte markøren, vil handtaka dukke opp i begge endar av segmentet. Held du nede Shift-tasten vil handtaka bli symetriske.

Redigeringsmodus

I Redigeringsmodus finst det ein del funksjonar som ikkje er tilgjengelege når du er i Lag-ny-modus. Du kan berre redigere på eksisterande banar. Kjem peikaren utanfor banen, blir utsjånaden endra til eit «forbodsskilt». Du kan ikkje gjere noko som helst.

Legg til eit segment mellom to noder: Klikk på ein node for å aktivera banen. Musemarkøren vil endre seg til unionsymbol. Klikk på ein annan node for å lenke desse saman. Dette kan vere nyttig når du skal lenke saman opne komponentar.

Fjerne eit segment frå banen: Hald nede tastane Shift + Ctrl medan du peikar på eit segment. Musemarkøren endrar seg til «-». Klikk for å fjerna segmentet.

Legg til node i ein bane: Peik på eit segment. Musepeikaren endrer utsjånad til «+». Klikk der du vil ha den nye noden.

Fjern ein node: Held du nede tastane Shift + Ctrl medan du peikar på ein node, vil musepeikaren skifte til «-». Klikk for å fjerna noden.

Legg handtak til ein node: Peik på noden. Peikaren skifter til ei lita hand. Flytt på noden og handtaka dukkar opp. Shift-tasten skifter mellom symmetriske handtak eller ikkje.

Fjerne eit handtak frå ein node: Hald nede Shift + Ctrl medan du peikar på eit handtak. Peikaren skifter ikkje til det venta minusteiknet, men er framleis ei lita hand. Klikk på handtaket for å fjerna det.

[Obs] Obs

Du får ingen varsel før du fjernar ein node, eit segment eller eit handtak.

Flyttemodus

Når du er i Flyttemodus kan du flytte ein del av banen eller alle delane i ein bane ved å klikke og dra.

Har du fleire element, vil berre dei markerte elementa bli flytta på. Klikkar du utanfor ein bane, vil alle elementa bli flytt. Shift-tasten skifter mellom å flytte alle eller berre utvalde element.

Polygonal

Med dette valet er alle segmenta lineære. Det blir ikkje sett til handtak, og segmenta blir rette sjølv om du flyttar på dei.

Opprett utval frå bane

Trykker du ned denne knappen, vil banen bli laga om til eit utval. Utvalet blir som vanleg markert med «marsjerande maur» rundt kantane. Du kan nå arbeide vidare med baneverktøyet som før, utan å påverka utvalet. Bytter du verktøy, blir utvalet usynleg. For å få det synleg igjen, må du gå inn i banedialogen og aktivere utvalet.

Dersom banen ikkje er lukka vil GIMP lukke banen med ei rett linje mellom endepunkta.

Held du nede Shift-tasten medan du lager banen, vil det nye utvalet bli lagt til eit eventuelt eksisterande utval. Held du nede Ctrl-tasten vil det nye utvalet bli trekt i frå den eksisterande, og held du nede begge tastane samstundes, vil resultatet bli eit snitt mellom det gamle og det nye utvalet.

Strek opp bane

I tidlegare versjonar av GIMP var denne kommandoen berre tilgjengeleg via ein undermeny til biletmenyen. Nå kan du altså bruke denne knappen i tillegg til menyinngangen. Sjå nærare om dette i Del 3.18, “Strek opp bane” og Del 5, “ Banar.

Du finn meir om dette i banar.