4. Transformeringsverktøya

Figur 14.100. Eit oversyn over transformeringsverktøya

Eit oversyn over transformeringsverktøya

4.1. Felles eigenskapar

Denne gruppa inneheld åtte verktøy som blir brukte til å forandra presentasjonen av biletet eller eit biletelement, eit biletlag, eit utval eller ein bane. Desse verktøya forandrar ikkje innhaldet i pikslane, men plasseringa av dei i høve til kvarandre eller i høve til biletet. Kvart av verktøya har sitt eige dialogvindauge der du kan bestemme ulike innstillingar for verktøyet før du tar det i bruk.

4.1.1. Verktøyinnstillingar

Figur 14.101. Felles innstillingar for transformasjonsverktøya

Felles innstillingar for transformasjonsverktøya

Ein del innstillingar er felles for fleire av transformasjonsverktøya, og blir omtalte her. Dei innstillingane som er spesielle for einskilde verktøy blir omtalte saman med verktøyet.

Transformer

GIMP har tre knappar som du kan bruke for å bestemme kva for biletelement verktøyet skal arbeide på. (Knappane kan også heite «Flytt» eller «Spegelvend»).

[Notat] Notat

Hugs at valet du gjer blir gjeldande heilt til du trykker ein annan knapp, også om du avslutter arbeidet.

  • Når den første knappen, , er aktivert, vil verktøyet arbeide på det aktive laget. Dersom laget inneheld eit utval, vil verktøyet verke på dette i staden for på laget.

  • Når den andre knappen, , er aktivert, vil verktøyet verke berre på omrisset av utvalet, eller på heile laget dersom det ikkje finst utval.

  • Når du aktiverer den tredje knappen, , vil verktøyet arbeide berre på banen.

Retning

Dette valet bestemmer kva retning laget blir transformert:

Framover (normal)betyr i denne samanhengen at biletet blir forandra til slik du ser det når du drar i handtaka som dukkar opp når du klikkar på biletet med eitt av desse verktøya. Dersom du bruker eit rutenett (sjå nedanfor) vil biletet eller laget bli transformert i høve til utsjånaden og posisjonen du har gitt gitteret.

«Bakover (korrigerande)» inverterer retningen. Blir mest brukt saman med roteringsverktøyet for å korrigera bilete som t.d. har ein horisont som ikkje er vassrett eller ein vegg som ikkje er loddrett. Sjå Del 4.5, “Rotér”.

Interpolasjon

Ved hjelp av nedtrekkslista kan du velje metode og såleis kvaliteten på transformasjonen:

Ingen

Pikselfargen blir kopiert frå den næraste pikselen i originalbiletet. Dette resulterer ofte i hakkete kantar («trappetrinn») og eit grovt bilete. Metoden er den raskaste. Metoden, som også blir kalla «næraste nabo», er den raskaste.

Lineær

Pikselfargen blir rekna ut som eit gjennomsnitt av dei fire næraste pikslane i originalbiletet. Dette gir eit tilfredsstillande resultat i dei fleste tilfella og er eit godt kompromiss mellom fart og kvalitet. Metoden blir ogs kalla «bilineær».

Kubisk

Pikselfargen blir rekna ut som eit gjennomsnitt av dei åtte næraste fargane i originalbiletet. Denne metoden gir som oftast eit godt resultat, men kan ta litt tid. Metoden blir også kalla «bikubisk».

Sinc (Lanczos3)

Dette er som oftast den beste metoden og bør brukast i dei aller fleste tilfella der interpolering er aktuelt. Skulle du ikkje bli heilt nøgd, kan det hende kubisk interpolering gir eit betre resultat. Lanczos3-Metoden bygger på komplisert matematikk og har fått namn etter den ungarsk-jødiske matematikaren Cornelius Lanczos (Uttale: laːntsoʃ]).

Du kan bestemme kva metode som skal vere førehandsinnstilt i brukarinnstillingane

Klipping

Dersom transformasjonen skulle føre til at biletformatet blir endra, kan du her velje korleis biletet skal tilpassast forandringane.

Du har valet mellom fleire ulike klippemetodar:

Tilpassa

Figur 14.102. Eksempel på tilpassa klipping

Eksempel på tilpassa klipping

Originalbiletet

Eksempel på tilpassa klipping

Rotert med «tilpassa»

Eksempel på tilpassa klipping

Rotert med «tilpassa» og lerretet forstørra til lagstorleiken


Laget blir forstørra slik at det blir plass til heile laget. Omrisset for det nye laget er synleg. Du kan gjere også innhaldet i laget synleg med kommandoen BileteTilpass lerret til lag.

Klipp

Figur 14.103. Eksempel på klipping

Eksempel på klipping

Klipp


Med klipping: Alt som kjem utføre biletkanten blir klipt vekk.

Beskjer til resultatet

Figur 14.104. Eksempel på beskjer til resultatet

Eksempel på beskjer til resultatet

Roter 45° og beskjer resultatet

Eksempel på beskjer til resultatet

Beskjeringsgrensene er markerte med raudt. Gjennomsiktige område blir ikkje tatt med.


Dersom denne er vald, vil biletet bli beskore slik at dei gjennomsiktige områda i hjørna ikkje blir med i det ferdige biletet.

Beskjer med sideforhold

Figur 14.105. Eksempel på beskjer til resultatet

Eksempel på beskjer til resultatet

Originalbiletet

Eksempel på beskjer til resultatet

Rotasjon -22°

Eksempel på beskjer til resultatet

Det roterte biletet


Denne innstillinga verkar som Beskjer til resultatet, men syter for at sideforholda er dei same som i originalbiletet.

Førehandsvising

Dersom det er kryssa av for dette valet, som er det normale, vil det transformerte biletet vere synleg over originalbiletet. I tillegg kjem det også fram ein glidebrytar der du kan bestemme gjennomsikta for førehandsvisinga

Hjelpelinjer

Dette er ei nedtrekksliste der du kan velje mellom fleire ulike typar av hjelpelinjer. Alle hjelpelinjene har ei ramme som viser omrisset og i tillegg to eller fleire hjelpelinjer på sjælve førehandsvisinga.

Ingen hjelpelinjer

Som namnet seier, ingen hjelpelinjer i bruk.

Senterlinjer

Bruker ei vassret og ei loddrett linje som krysser kvarandre midt i biletet.

Tredeling

Deler transformeringsområdet i ni like deler ved å legge til to vassrette og to loddrette hjelpelinjer. I følgje denne regelen skal dei mest interessante delene av biletet plasserast i skjeringspunkta mellom linjene.

Femdeling

Det same som tredelinga, men nå delt i fem gange fem deler.

Gylne snitt

Dette er «det gyldne snittet» som er ei matematisk oppdeling av biletet. Biletet blir delt i ni delar med bestemte forhold mellom delane og området som skal transformerast.

Diaginale linjer

Deler området ved hjelp av diagonale linjer.

Talet på linjer

Legg eit rutenett over transformeringsområdet. Talet på ruter blir bestemt med glidebrytaren som dukkar opp.

Linjeavstand

Legg eit rutenett over transformeringsområdet. Avstanden mellom linjene blir bestemt med glidebrytaren som dukkar opp.

4.1.2. Transformere banar

Dersom du ønskjer å transformere banar, kan det gjerast med transformeringsverktøya.

Figur 14.106. Å rotere banar

Å rotere banar

Banedialogen

Å rotere banar

Valmodus: bane


Når banen er på plass i biletet klikkar du på det første feltet framføre banemerket i banedialogen for å få fram augesymbolet. Vel deretter det transformeringsverktøyet du vil bruke. Pass på at modus i øvre del av verktøyinnstillingane blir sett til å verke på banar.

Utfør transformasjonen og bekreft dette når du er ferdig. Det kan vere ein god ide å setje hjelpelinjene til «Ingen» for ikkje å bli forstyrra av desse.

Når transformasjonen er ferdig, vel baneverktøyet igjen og klikk på den endra banen for å kunne arbeide vidare på den.