7.6. Forankre laget

Dersom du har eit flytande utval i biletet, vil dette bli vist i lagstabelen som eit «flytande lag» eller eit «flytande utval». Så lenge dette flytande utvalet finst, kan du bare arbeidet på dette utvalet. Skal du arbeide på dei andre andre laga i biletet, må du først forankre det flytande laget til laget under. Dersom det ikkje er eit flytande utval i biletet, er denne kommandoen inaktiv.

[Notat] Notat

Dersom det er eit flytande utvalsverktøy, vil musemarkøren vise eit anker når han er utanfor utvalet.

7.6.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne oppføringa på biletmenyen via LagForankre laget

  • eller med snarvegtastane Ctrl+H.

7.6.2. Andre måtar å forankre eit flytande utval på

Du kan forankre eit flytande utval på fleire måtar:

  • Du kan forankre det flytande utvalet til det aktive laget som utvalet opphavleg kom frå ved å klikke kvar som helst på biletet utanom på det flytande utvalet.

  • Du kan også forankre det flytande utvalet til det gjeldande laget ved å klikke på Anchor the floating Layer i lagdialogen.

  • Dersom du oppretter eit nytt lag medan det er eit flytande utval, vil det flytande utvalet bli forankra til det nye laget.