Kapittel 6. Få bilete ut av GIMP

Innhald

1. Filer
1.1. Lagra og eksportere bilete
1.2. Filformat
2. Å tilpassa bilete for Internett
2.1. Det optimale forholdet mellom storleik og kvalitet
2.2. Å krympe filene litt ekstra
2.3. Lagra gjennomsiktige bilete

1. Filer

GIMP kan lese frå og skrive til eit uttal av ulike grafiske filformat. Med unnatak av GIMP sitt eige filformat, XCF, blir filhandteringa gjort med programtillegg. Difor er det relativt enkelt å legge til nye format dersom behovet skulle dukka opp.

1.1. Lagra og eksportere bilete

[Notat] Notat

I tidlegare utgåver av GIMP blei bileta handterte og lagra i same formatet, t.d. JPG eller PNG, som dei blei opna i når du brukte kommandoen Lagra. I GIMP-2.8 blir bileta lasta, eller eigentleg importerte, i XCF-format som eit nytt prosjekt. For eksempel vil biletet «blomst.png» bli lasta inn som «*[blomst] (importert)-1.0 (indexed color, 1 lag)». Stjerna framføre namnet indikerer at biletet er endra utan å vere lagra. Dette biletet vil bli lagra som «blomst.xcf» når du bruker kommandoen Lagra. For å lagra biletet i eit anna format enn .xcf, må du bruke Eksport-kommandoen.

Når du er ferdig med eit bilete, ønskjer du til vanleg å lagre dette. (Det er forresten ein god idé å lagre bilete innimellom også. GIMP er eit nokså robust program, men truleg vil du før eller seinare oppleve at programmet eller maskinen din krasjar). Dei fleste formata som kan opnast i GIMP kan også lagrast frå GIMP. Det kan likevel vere ein god regel å lagra i GIMP sitt eige filformat XCF medan du arbeider med biletet. Dette fordi nesten alle opplysningane om biletet og arbeidsgangen blir lagra samstundes. Einaste viktige som ikkje blir lagra er angrehistoria. XCF-filene kan, etter det vi kjenner til, ikkje lesast av andre program, så når biletet er ferdig, bør du eksportere det i eit meir vanleg format som t.d. JPEG, PNG, TIFF eller liknande.

1.2. Filformat

Du kan lagra biletfiler på fleire måtar. Du finn meir om dette i filmenyen.

I GIMP kan du eksportere bileta du lagar i mange ulike format. Det er likevel viktig å hugse på at berre GIMP sitt eige filformat (XCF) lagrar (nesten) alle opplysningane om biletet. Alle andre format tar vare på nokre opplysningar om biletet og misser andre. Det opp til deg å kjenne eigenskapane til det formatet du vel.

Når eit bilete blir eksportert, vil sjølve biletet ikkje bli forandra. Du taper altså ingenting på eksporten. Sjå Export file.

[Notat] Notat

Når du lukker eit bilete t.d. ved å avslutta GIMP, vil du få opp ei melding dersom biletet er «ureint», dvs. at biletet er endra utan å bli lagra etterpå. Dette blir varsla med ei stjerne framfør biletnamnet.

Figur 6.1. Åtvaringa ved lukking

Åtvaringa ved lukking

Når du lagrar eit bilete vil dette bli oppfatta som at biletet er «reint», sjølv om ikkje alle opplysningane om biletet er lagra.

1.2.1. Eksporter biletet som GIF

Figur 6.2. Dialogvindauget for GIF-eksport

Dialogvindauget for GIF-eksport

[Åtvaring] Åtvaring

Legg merke til at GIF-formatet ikkje kan lagra ein del grunnleggande biletopplysingar som t.d. utskriftoppløysinga. Dersom dette er viktig, bør du kanskje vurdere å bruke eit anna format som t.d. PNG.

GIF-innstillingane
Flett saman

«Linjevis» betyr at biletet blir vist etter kvart som det blir lasta ned. Dette var spesielt viktig den tida dei fleste internettsamband var saktegåande. Brukaren kunne då stoppe nedlastinga dersom biletet såg uinteressant ut. Funksjonen er mindre viktig i dag.

GIF-kommentar

GIF-kommentarane kan berre vere 7-bits ASCII. Bruker du andre teikn vil GIMP eksportere biletet utan kommentarane og deretter gi ei melding om at kommentarane ikkje blei lagra.

Innstillingar for GIF-animasjon
Uendeleg sløyfe

Gjer at animasjonen vil bli repetert heilt til du stoppar han.

Pause mellom rammene når uspesifisert

Dersom du ikkje har bestemt dette tidlegare, kan du bestemme kor mange millisekund pausen mellom kvar ramme skal vere. Du finn meir om dette i Del 2.1.2, “Å bruke lagdialogen”.

Rammeovergang når uspesifisert

Dersom du ikkje har bestemt dette tidlegare, kan du bestemme korleis skiftet mellom rammene skal gå føre seg. Du har valet mellom

  • Det er meg likegyldig: Dette valet kan berre brukast når alle biletlaga er ugjennomsiktige. Laget vil overskrive det som ligg under.

  • Kumulative lag (Kombinere) : Tidlegare viste rammer blir ikkje viska ut når ei ny ramme blir vist.

  • Ei ramme per lag (erstatt): Tidlegare viste rammer blir sletta før den nye ramma blir vist.

Bruk forseinkinga ovanfor for alle rammene

Treng vel ikkje nærare forklaring.

Bruk disposisjonen ovanfor for alle rammene

Treng vel ikkje nærare forklaring.

1.2.2. Eksporter biletet som JPEG

JPEG-filene har til vanleg endingane .jpg, .JPG eller .jpeg, og er mykje brukt fordi metoden som blir nytta for å komprimera filene gir eit svært godt resultat utan at det går særleg merkbart ut over kvaliteten. Ingen andre format kjem opp mot JPEG på dette området. Ulempen er at formatet ikkje støttar gjennomsikt, og heller ikkje samansette lag.

Figur 6.3. Dialogvindauge for JPEG-eksport

Dialogvindauge for JPEG-eksport

Algoritmen for JPEG er eigentleg nokså kompleks, men heldigvis treng du ikkje bry deg om anna enn å justere kvaliteten, og dermed kompresjonen. Resten er for JPEG-ekspertane.

Kvalitet

Når du eksporterer eit bilete i JPEG-format, dukkar det opp eit dialogvindauge der du kan setje kvalitetsnivået på ein skala frå 1 til 100. Mellom 95 og 100 er det liten skilnad i kvaliteten. Normalverdien er 90, men ofte kan du setje verdien mykje lågare utan å gjere kvaliteten merkbart dårlegare. Dette kan du kontrollera ved å markere for «Førehandsvising i biletvindauget». Du endrar ikkje noko på sjølve biletet før du lagrar det, så metoden er trygg.

[Notat] Notat

Verdiskalaen for kvalitet er ikkje standardisert. Talet for kvalitet samsvarar ikkje alltid med tilsvarande tal i andre samanhengar. Kvalitet 80 i GIMP treng såleis ikkje vere det same som kvalitet 80 i eit anna program.

Førehandsvis i biletvindauget

Dersom denne er aktivert, vil biletet bli vist med same kvalitet som det lagra biletet vil bli. Dermed kan du lett sjå kor mykje biletet kan komprimerast med tilfredsstillande kvalitet. Biletet du arbeider med blir ikkje påverka av dette. Så snart dialogvindauget er lukka, blir biletet igjen vist i den opphavlege kvaliteten.

Avanserte innstillingar

Litt om dei avanserte innstillingane:

Optimaliser

Denne metoden gjer at det blir brukt optimaliserte parameter for mengdekoding («entropy encoding»). Dette vil som oftast resultere i ei mindre fil, men kan ta lang tid.

Progressiv

Dersom du aktiverer denne, blir biletet ikkje komprimert ovanfrå og ned, men i fleire gjennomgangar. Når biletet blir vist, vil det dukke opp i fleire omgangar, litt betre for kvar gong. Føremålet er det same som for linjevising av GIF-bilete. Metoden kan resultere i litt større filer.

Lagra EXIF-data

Dei fleste digitalkamera nyttar JPEG-formatet med ekstra informasjonar om dato, kamerainnstillingar, kamera ID og mykje anna. Denne informasjonen er lagra som såkalla EXIF-data. Sjølv om GIMP bruker biblioteket «libexif» for å lese og skrive data, er dette biblioteket ikkje automatisk med i oppsettet for GIMP. Dersom GIMP er bygd med støtte for libexif vil EXIF-data bli lasta inn saman med JPEG-fila, vil dei same EXIF-dataane bli lagra når du lagrar frå GIMP, men utan å legge til eventuelle endringar. Har du gjort forandringar, vil altså EXIF-data innehalde feil opplysningar. Manglar libxif, vil EXIF-data bli ignorerte av GIMP og heller ikkje bli lagra frå GIMP.

Lagra _miniatyr

Dette valet gir deg høve til å lagre ein miniatyr saman med biletet. Mange program bruker desse for raskt å lage førehandsvisingar av biletet.

[Notat] Notat

Dette valet er tilgjengeleg berre dersom GIMP er bygd med støtte for EXIF.

Lagra XMP-data

XMP-data er metadata om biletet. Formatet er ein konkurrent til EXIF. Dersom denne er aktivert, vil metadata for biletet bli lagra som XMP-data i biletfila.

Bruk kvalitetsinnstillingane frå originalbiletet

Dersom det er lagt inn eigne kvalitetsinnstillingar (eller «kvantiseringstabell» ) i originalbiletet, kan du bruke denne i staden for standardinnstillingane.

Har du berre gjort nokre få endringar i biletet, vil du som oftast få nokså nær same kvalitet og fillengde når du bruker innstillingane frå biletet. Dette vil redusera tapa som kjem som følgje av kvantiseringa i høve til om du bruker andre innstillingar.

Dersom kvalitetsinnstillingane i originalbiletet er dårlegare enn standardinnstillingane, vil kommandoen « Bruk kvalitetsinnstillingane frå originalbiletet » vere tilgjengeleg men uverksam. Dette for å sikra at du alltid får ein kvalitet som er minst like god som originalen.

Utjamning

JPG-komprimeringa lager ein del støy i biletet i form av hakkete kantar. Ved hjelp av glidebrytaren kan du bestemmar kor mykje støyen skal jamnast ut. Støyredusksjonen kan gjere biletet uskarpt.

Bruk omstartmarkeringar

Denne vil legge inn nokre merke i fila slik at dersom lastinga av fila blir avbroten, kan nedlastinga halde fram seinare frå siste nedlasta merke. Kan vere fornuftig ved store bilete.

Mellomsteg

Auget vårt opfattar ikkje fargane likt gjennom heile spekteret. Dette kan brukast for å handtere nærliggande fargar som identiske fargar. Du har tre alternativ:

  • 1×1, 1×1, 1×1 (best kvalitet): Ofte referert til som (4:4:4). Gir best kvalitet, bevarer kant- og kontrastfargar, men med mindre kompressjon.

  • 2×1,1×1,1×1 (4:2:2): Dette er standardmellomsteget. Gir som oftast eit godt forhold mellom biletkvalitet og filstorleik. I nokre tilfelle kan biletkvaliteten bli merkbar forbetra dersom ein ikkje bruker mellomsteg (4:4:4). Dette gjeld helst for bilete med fine detaljar, som f. eks. tekst på einsfarga bakgrunn eller nesten einsfarga bilete.

  • 1×2,1×1,1×1: Dette er det same som (2×1,1×1,1×1), men med horisontal fargefletting i staden for vertikal. Som om nokon skulle ha rotert biletet.

  • 2×2, 1×1, 1×1 (minst fil): (Ofte referert til som 4:1:1). Beste kompressjon. Passer for bilete med veike kantar, men tenderer til å gi unaturlege fargar.

DCT-metoden

DCT står for «Discrete Cosine Transform», og er første steget i JPEG-algoritmen. Dette er rein matematikk, og vala du har er «desimaltal», «heiltal» (normalinnstillinga) og «raske heiltal»:

  • Desimaltal: Desimaltala er litt betre enn heiltala, men er merkbart seinare dersom maskinen din ikkje er utstyrt meg ein god matematikkprosessor. Metoden kan også gi eit litt varierande resultat frå maskin til maskin, medan metodane med heiltal skal gi same resultatet uavhengig av maskintype.

  • Heiltal: (normalinnstillinga) er raskare enn «desimaltal», men er ikkje så nøyaktig.

  • Raske heiltal: Rask, men også den mest unøyaktige metoden.

Kommentarar

I denne tekstboksen kan du skrive inn merknader som skal lagrast saman med biletet.

1.2.3. Eksporter biletet som PNG

Figur 6.4. Dialogen «Eksporter biletet som PNG»

Dialogen «Eksporter biletet som PNG»

Flett saman (Adam7)

«Linjevis» betyr at biletet blir vist etter kvart som det blir lasta ned. Dette var spesielt viktig den tida dei fleste internettsamband var saktegåande. Brukaren kunne då stoppe nedlastinga dersom biletet såg uinteressant ut. Funksjonen er mindre viktig i dag.

Lagra bakgrunnsfarge

Dersom biletet ditt har mange nivå av gjennomsikt, vil nettlesarane som berre bruker to nivå av gjennomsikt bruke bakgrunnsfargen frå verktøykassa som bakgrunn. (Internet Explorer opp til versjon 6 er ikkje i stand til å gjere seg nytte av denne informasjonen).

Lagra gamma

Gammakorreksjonen er for å kunne justera visinga av fargeverdiar på ulike datamaskiner. Gammainformasjonen som blir lagra i PNG vil vere den same som du har sett for den gjeldande visinga. Når biletet blir brukt på andre maskiner, kan brukaren korrigere gammaverdien slik at biletet ikkje blir vist for mørkt eller for lyst.

Lagra lagforskyving

PNG bruker ein forskyvingsverdi kalla «oFFs chunk». Dette er data for biletpossisjonen. Diverre verkar av ein eller annan grunn ikkje dette i GIMP. For å unngå problem, aktiverer du ikkje forskyving, men la GIMP flate ut biletet før du lagrar det.

Lagra oppløysing

Lagra biletoppløysinga i ppi («pixels per inch»).

Lagra tid for oppretting

Datoen fila blei lagra.

Lagra kommentarane

Dette gjeld kommentarar som du har skrive inn om biletet. Kommentarane kan lesast i vindauget bileteigenskapar.

Lagra fargeverdiar frå gjennomsiktige pikslar

Når de er kryssa av for dette valet, vil fargeverdiane bli lagra sjølv om pikslane er heilt gjennomsiktige. Dette er mogleg berre for eit enkelt lag. ikkje når biletet er fletta saman. Når eit bilete med fleire lag blir eksportert til eit filformat med eitt lag, finst det ingen måte GIMP kan ta vare på fargeverdiane i gjennomsiktige pikslar.

Kompresjon

Sidan kompressjonen er tapsfri, er den einaste grunnen til å bruke eit nivå lågare enn 9 at komprimeringa kan ta litt lang tid på trege datamaskiner. Dekomprimeringa går like fort uansett kva kompressjonsnivå du vel.

Lagra standardverdiane

Klikk for å lagra gjeldande innstillingar. Du kan då klikke på Hent standardverdiane for å hente dei inn igjen.

[Notat] Notat

Sidan PNG også kan lagra indekserte bilete, kan du redusere talet på fargar, og dermed også filstorleiken, for bilete som skal sendast over nettverk. Sjå meir om dette i Del 6.6, “Indeksert modus”.

Datamaskinene arbeider med 8-bits blokker, såkalla «byte». Kvar byte kan innehalde opp til 256 ulike fargar. Det er ingen vits i å redusere talet på fargar til under 256 i håp om å redusera filstorleiken sidan det blir brukt ein byte uansett. «PNG8»-formatet har heller ikkje støtte for variabel gjennomsikt, berre gjennomsikt eller ikkje gjennomsikt.

Dersom du ønskjer å bruke delvis gjennomsikt også på Internet Explorer 6 og lågare, kan du bruke filteret AlphaImageLoader DirectX i kodene dine for nettsida. Sjå meir om dette i Microsoft Knowledge Base [MSKB-294714]. Internet Explorer 7 og høgare har støtte for delvis gjennomsikt.

1.2.4. Eksporter biletet som TIFF

Figur 6.5. Dialogvindauge for TIFF-eksport

Dialogvindauge for TIFF-eksport

Komprimering

Dette valet gir deg høve til å bestemma algoritmen som skal brukast for å komprimere biletet.

  • Ingen: Rask, utan tap, men gir stor fil.

  • LZW: LZW er forkorting for algoritmen «Lempel-Ziv-Welch» som komprimerer biletet utan tap. Dette er ein gammal metode, men effektiv og rask. Meir informasjon (engelsk) på [WKPD-LZW].

  • Pack Bits: Ein rask, enkel kompressjon for «run-length» koding av data. PackBits-formatet blei introdusert av Apple då MacPaint blei tatt i bruk på Macintosh datamaskinen. Ein PackBits datastraum er sett saman av pakker med 1 bytes header etterfølgd av data. (Kjelde: [WKPD-PACKBITS])

  • Deflate: Dette er ein algoritme for tapsfri komprimering. Metoden er ei blanding av «Lempel-Ziv-Storer-Szymanski-Algorithmen» (LZ77) og «Huffman-Koding». Den same metoden blir også brukt i filformata Zip, Gzip og PNG. Kjelde: [WKPD-DEFLATE].

  • JPEG: Ein svært god metode, men ikkje utan tap av data.

  • CCITT Group 3 fax; CCITT Group 4 fax: Dette er komprimeringsmetodar brukte for telefaks.

    [Notat] Notat

    Dette valet kan berre brukast dersom biletet er indeksert med to fargar. Bruk menyvalet BileteModusIndeksert for å omforme biletet til indeksert med «Bruk svart og kvit (1-bit) palett».

Lagra fargeverdiar frå gjennomsiktige pikslar

Gjer at fargeverdiane for pikslane blir lagra, sjølv om pikslane er komplett gjennomsiktige.

Kommentar

Her kan du skrive inn merknader til biletet.

1.2.5. Eksporter biletet som MNG

Figur 6.6. Eksportdialogen for MNG

Eksportdialogen for MNG

MNG er eit akronym for «Multiple-Image Network Graphics».

Hovudproblemet er at Konqueror er den einaste nettlesaren som kan bruke MNG-animasjonar. Sjå om dette i http://en.wikipedia.org/wiki/Multiple-image_Network_Graphics.