6.18. Hard autobeskjering

Kommandoen Hard autobeskjering beskjerer eit bilete ut frå ein enkelt farge. Kantane blir beskorne på same måten som med Automatisk beskjering, men i tillegg blir også tilsvarande fargar inne i biletet fjerna. Dette er i det minste slik det er tenkt å vere.

[Obs] Obs

Legg spesielt merke til at denne kommandoen bare bruker det aktive laget for å finne ramma. Dersom andre lag har fargevariasjonar i rammeområdet, blir desse likevel skore bort.

6.18.1. Eksempel

Figur 15.71. Eksempel på «Hard autobeskjering»

Eksempel på «Hard autobeskjering»

Originalbiletet

Eksempel på «Hard autobeskjering»

Med «Autobeskjer»

Eksempel på «Hard autobeskjering»

Med «Hard autobeskjering»


6.18.2. Aktivering

  • Du har tilgang til dette menyvalet på biletmenyen via BileteHard autobeskjering.