6. Menyen «Bilete»

6.1. Oversyn

Figur 15.53. Innhaldet i «Bilete»-menyen

Innhaldet i «Bilete»-menyen

Menyen Bilete inneheld kommandoar som påverkar heile biletet på ein eller annan måte, ikkje bare eit lag eller andre spesifiserte område på biletet.

[Notat] Notat

Kan hende finn du andre punkt på denne menyen enn dei som blir omtalte her. Desse er ikkje ein del av GIMP, men er lagt inn av programtillegg (plug-ins) du, eller andre, har installert. Du kan finne nærare informasjonar om desse funksjonane i dokumentasjonen til programtillegget.