Kommandoen
fletter dei laga som er avmerka som synlege, dvs. som har synleg «augeikon» i lagdialogen, saman til eit enkelt lag.Notat | |
---|---|
Dette valet fører til at dei synlege laga forsvinn. Kommandoen nytt frå synlege vil legge eit nytt lag øvst i stakken utan å slette dei synlege laga. |
Du har tilgang til dette menyvalet på biletmenyen via
→ .eller med snartastane Ctrl+M.
(Synlege lag er dei laga som er merka med eit augesymbol i lagdialogen)
utvidast etter behov: Det nye laget blir stort nok til å innehalde alle dei laga som skal flettast. Hugs at i GIMP kan eit lag vere større enn biletet.
klippast etter biletet: Det nye laget blir like stort som biletet. I GIMP kan eit lag vere større enn biletet. Med denne innstillinga blir alt som er større enn biletet klipt bort.
klippast etter botnlaget: Det nye laget blir like stort som botnlaget. Dersom botnlaget er mindre enn noen av dei synlege laga, blir det overskytande klipt bort.
Fører til at alle laga som ikkje er merka som synlege blir fjerna frå lagstabelen.