7.53. Automatisk beskjering

Kommandoen Automatisk beskjering finn sjølv ut korleis biletet skal beskjerast. Dette i motsetnad til beskjeringsverktøyet som lar deg Bestemma kva for deler av biletet som skal skjerast bort.

Kommandoen ser etter størst mogleg einsfarga område rundt ytterkantane av laget og fjernar deretter dette området. Teknikken er å skanne laget langs ei vassrett linje og ei loddrett linje heilt til han finn ein annan farge, uavhengig av kor gjennomsiktig denne fargen er.

Kommandoen er kanskje mest nyttig når teikneobjektet forsvinn i ein stor, einsfarga bakgrunn.

7.53.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via LagAutobeskjer laget

7.53.2. Eksempel

Figur 15.118. Eksempel

Eksempel

Originalbiletet

Eksempel

Kommandoen utført. Det aktive laget, øvst, er skore ned til storleiken på sirkelen det inneheld. Laget er blitt mindre, og dei ubrukte områda gjort gjennomsiktige slik at dei grøne og gule fargane i dei underliggande laga blir synlege.