5.3. Kulør og metning

Verktøyet for kulør og metning blir brukt for å justera nivåa for kulør, metning og lysstyrke i det aktive utvalet eller det aktive laget.

5.3.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet anten

  • frå biletmenyen via VerktøyFargeverktøyaKulør og metning eller FargarKulør og metning

  • ved å klikke på symbolet i verktøykassa dersom verktøyet er installert der. (Installeringa er forklart i Del 5.1, «Verktøydialogen».

5.3.2. Innstillingar

Figur 13.130. Dialogvindauget for «kulør og metning»

Dialogvindauget for «kulør og metning»

Førehandsinnstillingar

Du kan lagre fargeinnstillingane i biletet ved å klikke på knappen Legg instillingane i favorittar () og hente dei tilbake ved å velje i Førehandsvalde

Trykk på symbolet for å opna denne menyen:

Figur 13.131. Menyen for førehandsval

Menyen for førehandsval

som lar deg Importere innstillingar frå fil eller Eksportere innstillingar til fil og gir deg tilgang til dialogvindauget for å handtere lagringane:

Figur 13.132. Dialogvindauget for å handtere lagra innstillingar

Dialogvindauget for å handtere lagra innstillingar

Vel primærfarge som skal endrast

Du kan velje å gjere endringane på seks ulike fargar, dei tre primærfargane raud (R), grøn (G) og blå (B), og dei tre komplimentærfargane cyan (C), magenta (M)og gul (Y). Fargane er sett opp etter fargesirkelen. Aukande kulør flytter seg med klokka på fargesirkelen. Klikkar du på knappen Alle, vil alle fargane bli påverka av endringane. Legg merke til at desse fargane er fargane i fargemodellane, ikkje i fargekanalane.

Fargane blir viste i fargeboksane, og på biletet dersom du har aktivert førehandsvisinga.

Overlapping

Denne glidebrytaren blir brukt for å bestemme kor mykje fargane skal overlappe kvarandre. Effekten er svært subtil og verkar bare på nærliggande fargar:

Figur 13.133. Eksempel på bruk av «overlapping»

Eksempel på bruk av «overlapping»

Originalbiletet. Frå venstre mot høgre: raudgul (255,240,0), rein gul (255,255,0) og grøngul (240,255,0).

Eksempel på bruk av «overlapping»

Overlapping = 0. Kulør = 15. Fargane blir (186,255,1), (168,255,1) og (156,255,1).

Eksempel på bruk av «overlapping»

Overlapping = 100. Kulør = 15. Fargane blir (192,255,1), (168,255,1) og (162,255,1). På grunn av overlappinga er den grøngule fargen mindre grøn og den raudgule fargen mindre raud.


Endre vald farge
  • Kulør: Ved hjelp av glidebrytaren, eller skriveboksen, kan du bestemma kuløren i området frå -180 til +180, dvs. heile fargesirkelen.

  • Lysverdi: Ved hjelp av glidebrytaren, eller skriveboksen, kan du bestemma lysverdien i eit område frå -100 til +100.

    [Notat] Notat

    Sidan dette verktøyet arbeider på fargeområdet, vil endringane i lysverdien påverka fargeområdet. Endrar du lysverdien for gul, vil alle gule pikslar bli forandra. Dette til skilnad frå kurve- og nivåverktøya, som arbeider på fargekanalane, noe som resulterer i at her vil bare dei mørke, mellomtone eller lyse pikslane blil forandra.

  • Metning: Ved hjelp av glidebrytaren, eller skriveboksen, kan du bestemma fargemetninga i eit området frå -100 til +100.

Knappen Tilbakestill blir brukt dersom du angrar endringane og ønskjer å stille fargen/fargane tilbake til utgangspunktet.

Førehandsvising

Dersom denne er aktivert, kan du sjå endringane direkte i biletet.