Verktøyet for fargebalanse blir brukt for å modifisera fargebalansen i eit lag eller eit utval og er særleg nyttig for å korrigera fargestikk i digitalfoto.
Du kan hente fram dette verktøyet anten
frå biletmenyen via
eller ved å klikke på symbolet i verktøykassa dersom du har installert fargeverktøya der. (Installeringa er forklart i Del 5.1, «Verktøydialogen»).
Du kan lagre fargeinnstillingane i biletet ved å klikke på knappen
() og hente dei tilbake ved å velje iTrykk på symbolet for å opna denne menyen:
som lar deg Importere innstillingar frå fil eller Eksportere innstillingar til fil og gir deg tilgang til dialogvindauget for å handtere lagringane:
Du bestemmer her om forandringane du gjer skal gjelde for skyggepartia (mørke pikslar), midttoneområda (middels lyse pikslar) eller i partia med høglys (lyse pikslar).
Ved hjelp av glidebrytarane, eller innskrivingsboksane, kan du endre fargane frå RGB-fargar til dei respektive komplimentærfargane (CMY). Null tilsvarar dei gjeldande fargane i biletet. Fargane på den venstre sida av brytarane er etter fargemodellen CMY, medan dei på høgresida er etter fargemodellen RGB.
Trykk på denne knappen for å setje fargenivåa i det valde området tilbake til null (originalverdien).
Dersom denne er avmerka, vil lysverdien til dei lysaste pikslane i laget eller utvalet ikkje bli forandra.
Dersom denne er avmerka, vil alle endringar i RGB-nivåa også bli vist direkte på det aktive laget eller utvalet.