2.9. Lagra som

Kommandoen Lagra som opnar dialogen «Lagra biletet». I utgangspunktet viser dialogen eit innskrivingsfelt for å gi fila eit namn, og ei nedtrekksliste med bokmerke for å velje ein stad å lagra biletet. Normalt blir filtypen bestemt ut frå utvidinga du skriv inn, t.d. .jpg for ei JPEG-fil. Du kan også opna for Vel filtype og plukke ein filtype frå lista. Det er lett å velje feil filtype, så ver litt forsiktig om du bruker denne metoden.

Dersom du ikkje finn den ønskte lagringsplassen i denne lista, kan du klikka for Bla etter andre mapper for å opna dialogen i full storleik. Du kan finna meir om utsjånaden og om korleis bruke bokmerke i Del 1, «Filer».

Dersom du har lagra biletet tidlegare, og ikkje har behov for å gjere endringar i noen av innstillingane, kan du bruke kommandoen Lagra i staden.

2.9.1. Aktivering

  • Du har tilgang til dette innslaget på biletmenyen via FilLagra som

  • eller med snarvegen Shift + Ctrl + S.

2.9.2. Den vanleg dialogen for «Lagra biletet»

Det er to ulike utgåver av dialogvindauget for Lagra biletet. I den enkle forma kan du bare skrive inn filnamnet og velje mappa biletet skal lagrast i. Dersom mappa ikkje finst i lista, kan du skrive inn heile banen til fila, saman med filnamnet. Ønskjer du tilgang til heile harddisken, klikker du på Bla etter andre mapper for å opna filutforskaren. Endeleg kan du også bestemme filformatet ved å skrive ei høveleg filutviding som t.d. .xcf eller .png.

Figur 15.12. Den vanleg dialogen for «Lagra biletet»

Den vanleg dialogen for «Lagra biletet»

2.9.3. Dialogen «Lagra», med ein filutforskar

Figur 15.13. Dialogen «Lagra biletet» (filutforskaren)

Dialogen «Lagra biletet» (filutforskaren)

  1. Det venstre panelet er delt i to delar. Den øvre delen viser hovudmappene og lagringsmedia. Denne delen av lista er maskinavhengig og kan ikkje endrast av brukaren. Den nedre lista viser bokmerka dine. Du kan legge til eller fjerne desse. For å legge til eit bokmerke vel du ei mappe eller ei fil i det midtre panelet og klikkar på Legg til-knappen nede til venstre. Du kan også bruke Legg til i bokmerkene i lokalmenyen som kjem fram når du høgreklikkar i dialogvindauget. Eit bokmerke kan fjernast ved å markere det og deretter klikke på Fjern-knappen.

  2. Det midtre panelet viser filene og eventuelle mapper i den opne katalogen. Du kan bytte mappe ved å dobbeltklikke med venstre museknappen på mappene eller velje ei fil ved å (enkelt)klikke på henne. Dersom du dobbeltklikkar på fila, blir ho lagra direkte. Den vanlege måten er å markere fila og deretter trykke på knappen Lagra.

    Du kan også høgreklikke i midtpanelet for å få fram kommandoen Vis gøymte filer.

  3. Dersom GIMP kjenner igjen filformatet, vil biletet bli vist i vindauget heilt til høgre, saman med opplysningar om filnamn, filstorleik og oppløysinga for biletet.

    Dersom biletet er modifisert av eit anna program, klikk på førehandsvisinga for å oppdatere visinga.

  4. Skriv namnet på den nye biletfila her.

    [Notat] Notat

    Dersom fila er lagra frå før, føreslår GIMP det same filnamnet. Trykker du på Lagra blir den lagra fila overskrive av den nye.

  5. Denne nedtrekkslista er bare tilgjengeleg i normalforma for dialogvindauget. Lista inneheld dei tilgjengelege bokmerka slik at du kan velje kva mappe du vil lagre biletet i.

  6. Stigen for den gjeldande mappa blir vist over det midtre panelet. Du kan navigere langs denne stigen ved å klikke på knappane.

  7. Dersom du ønskjer å lage ei ny mappe, er det bare å trykke på knappen Opprett mappe og følgje instruksjonane.

  8. Denne knappen syner normalt Alle filer. Dette betyr at alle filtypane blir viste i midtpanelet, også om dei ikkje er biletfiler. Du kan filtrere denne visinga til ein bestemt filtype.

  9. I Vel filtype kan du velje filformatet som fila skal lagrast i. Vel du Etter filutvidinga blir filtypen bestemt etter kva «etternamn» du gir fila. For eksempel «.jpg» for JPEG-formastet.

    [Notat] Notat

    For å behalda alle komponentane — dvs. lag, kanalar osv. — i biletet når du lagrar det, bruker du filformatet «.xcf» som er GIMP sitt eige format.