Kommandoen
lagrar bileta dine på harddisken. Dersom du har lagra biletet tidlegare, vil den lagra versjonen bli overskrive utan varsel. Dersom du lagrar biletet for første gongen, gjer denne kommandoen det same som kommandoen . GIMP opnar dialogvindauget slik at du kan velje format, namn og lagringsstad for den nye biletfila.Er biletet lagra tidlegare, blir det automatisk lagra på same staden med same filnamn, filtype og innstillingar som tidlegare. Ønskjer du å forandra noen av desse verdiane, må du lagre biletet med kommandoen Lagra som eller Lagra ein kopi.
Dersom du vil avslutta utan å ha lagra biletet, vil du få spørsmål om du verkeleg vil dette dersom «Bekreft lukking av ulagra bilete» er avkryssa i dialogen omgivnader i brukarinnstillingane.