4. Dialogar relaterte til biletbehandling

4.1. Bufferdialogen

Figur 14.61. Bufferdialogen (som liste)

Bufferdialogen (som liste)

Bufferane er ei form for utklippstavle, og blir brukte som mellombels lager for biletdata som er laga ved å kopiere eller klippe ut deler av eller heile biletlag, masker eller andre teikneområde av biletet. Du kan lagra data til bufferen på to måtar, anten med RedigerBufferenKopier med namn eller med RedigerBufferenKlipp ut med namn. Ved begge metodane kjem det opp eit dialogvindauge der du kan skrive inn eit namn på bufferen. Dei einaste grensene for kor mange slike bufferar du kan lagra, er kapasiteten til maskinen din.

Bufferdialogen viser alle dei namngitte bufferane du måtte ha i maskinen og gir deg lov til å arbeide på desse på ulike måtar. Øvst i dialogen blir innhaldet i den «globale bufferen» vist, men du kan ikkje gjere noe med denne.

[Obs] Obs

Dei namngitte bufferane blir ikkje lagra til neste økt. Dersom du lukkar GIMP, forsvinn bufferane. Den einaste måten å bevara dei på, er å lagra dei i eit bilete.

4.1.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogar og samlevindauge».

Du har tilgang til dialogvindauget

  • frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeBuffer

  • eller frå fanemenyen ein annan dialogmeny ved å klikke på fanen og velje Legg til faneBuffera

Dersom minst eitt dialogvindauge er ope, kan du i menyen Vindauge finne ei liste over løyste vindauge. Du kan i tilfelle løfte banedialogen frå biletmenyen: VindaugeBuffer.

4.1.2. Å bruke bufferdialogen

Figur 14.62. Buffermenyen

Buffermenyen

Dersom du klikkar på ein buffer i dialogvindauget, blir han den aktive bufferen, dvs. den som blir brukt ved kommandoane i buffermenyen. Dersom du dobbeltklikkar på ein buffer, vil han bli limt inn i det aktive biletet.

Nedst i dialogvindauget er det fire knappar. Desse gjer akkurat det same som buffermenyen som kjem fram dersom du høgreklikkar på den aktive menyen.

Figur 14.63. Bufferdialogen (tabellform)

Bufferdialogen (tabellform)

Frå fanemenyen i bufferdialogen kan du velje mellom to ulike visingsformer: Vis som tabell, som viser bufferen i nettopp tabellfor, og Vis som liste, som viser bufferane linje for linje der kvar linje viser ei førehandsvising av bufferinnhaldet, namnet og storleik i pikslar. Sjå i Del 2.3, «Dialogar og samlevindauge» korleis du kan tilpassa førehandsvisinga.

[Tips] Tips

Tastekombinasjonen Ctrl + F opnar ei søkefil. Sjå Vis som liste/tabell

Du kan endra storleiken på førehandsvisinga av bufferen i dialogvindauget ved hjelp av undermenyen «storleik på førehandsvisinga» i fanemenyen.

4.1.2.1. Knappane nedst

Nedst i dialogvindauget finn du fire knappar:

Lim inn buffer

Denne vil lime den aktive bufferen inn i det aktive biletet som eit flytande utval på same måte som når du bruker den vanlege Lim inn kommandoen.

Lim bufferen inn i utvalet

Denne vil lime den aktive bufferen inn i det aktive utvalet som eit flytande utval på same måte som når du bruker den vanlege Lim inn i kommandoen.

Lim bufferen inn som nytt bilete

Denne knappen opprettar eit nytt bilete med eitt biletlag og limer bufferen inn i dette biletet på same måten som når du bruker den vanlege Lim inn som ny kommandoen.

Slett bufferen

Denne knappen slettar den aktive bufferen utan varsling. Du kan likevel ikkje sletta den globale bufferen.

4.1.2.2. Buffermenyen

Figur 14.64. Lokalmenyen for dialogen «Buffer»

Lokalmenyen for dialogen «Buffer»

Lokalmenyen som kjem fram når du høgreklikkar på den aktive bufferen, inneheld dei same kommandoane som knappane.