Verktøya i denne gruppa er dei grunnleggande teikneverktøya i GIMP. Mange av fellestrekka for desse verktøya blir omtalte i dette kapitlet. Eigenskapar som er felles for alle teikneverktøya er omtalte i kapitlet felles eigenskapar. Innstillingar som er spesifikke for eit bestemt verktøy, er omtalte i beskrivinga av det aktuelle verktøyet.
Det råaste verktøyet i denne gruppa er blyanten. Han teiknar ein hard strek med skarpt skilje mellom farga og ufarga område. Målarpenselen er noe meir diffus i strøket, og er den mest brukte av desse tre. Luftpenselen er den einaste av desse der fargemengda som blir avgitt er avhengig av penselrørsla. Dette er gjer at han kanskje den av dei tre som er vanskelegast å bruka.
Alle desse verktøya deler dei same penslane (spissane) og bruker dei same måtane for å velje farge. Dei kan hente farge anten frå ein palett, eit fargekart, eller frå ein fargeovergang. Dessutan kan alle bruke mange ulike måtar for fargeblanding, såkalla modus.
Held du nede Ctrl-tasten, blir verktøyet omdanna til ein fargeplukkar slik at du kan hente forgrunnsfarge, den som blir vist i fargeområdet i verktøykassa, ved å klikka på eit biletpunkt.
Gjer at verktøya teiknar rette linjer. Held du nede Shift medan du klikkar med vil dette lage ei rett linje mellom det punktet du sist klikka på og til det nye klikkpunktet.