16.6. Gammalt foto

16.6.1. Oversyn

Figur 16.375. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “gammalt foto


Dette filteret gjer at biletet blir sjåande ut som eit gamalt foto. Du kan bestemma om biletet skal bli litt uskarpt, breidda på den uklare kanten og om det skal leggast til ein bruntone (sepiaeffekt). I tillegg kan du også legge til flekkar.

16.6.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterDekorGammalt foto

16.6.3. Innstillingar

Figur 16.376. Innstillingane for filteret “gammalt foto

Innstillingane for filteret gammalt foto

Gjer uskarpt

Denne funksjonen bruker gaussisk sløring for å gjere biletet litt uskarpt.

Figur 16.377. Eksempel på bruk av “gjer uskarpt

Eksempel på bruk av gjer uskarpt

Med sløring

Eksempel på bruk av gjer uskarpt

Utan sløring


Kantbreidde

Dersom du set kantbreidda til større enn 0, vil filteret ullen kant bli aktivisert for å lage ein kvit, ullen kant rundt biletet.

Bruntone

Denne funksjonen imiterer eldinga til eit svart/kvit foto ved å legge til ei bruntone i biletet, den såkalla sepiaeffekten. Filteret gjer dette ved å avmette biletet, redusere lysstyrke og kontrast og forandre fargebalansen (Sjå Seksjon 5.1, “ Fargebalanse).

Flekklegg

Legg inn flekkar i biletet, ikkje ulikt marmorering.

Figur 16.378. Eksempel på verknaden av “flekklegginga

Eksempel på verknaden av flekklegginga

Flekklegging av eit einsfarga kvitt bilete. “Gjer uskarpt” og “bruntone” er ikkje aktivert.


Arbeid på kopi

Dersom du har merka av for dette valet, vil originalbiletet vere uforandra. Ramma blir lagt til i ein kopi av originalen.