5. Fargeverktøya

5.1. Fargebalanse

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2562 $ 2008-03-08 KoSt

Verktøyet for fargebalanse blir brukt for å modifisera fargebalansen i eit lag eller eit utval og er særleg nyttig for å korrigera fargestikk i digitalfoto.

5.1.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet på fleire måtar:

  • Frå biletmenyen via FargarFargebalanse,

  • frå biletmenyen via VerktøyFargeverktøyaFargebalanse

  • eller ved å klikke på symbolet i verktøykassa dersom du har installert fargeverktøya der. (Installeringa er forklart i verktøydialogen).

5.1.2. Verktøyinnstillingane

Figur 13.118. Dialogvindauget for fargebalanseverktøyet

Dialogvindauget for fargebalanseverktøyet

Vel område som skal justerast

Du bestemmer her om forandringane du gjer skal gjelde for skyggepartia (mørke pikslar), midttoneområda (middels lyse pikslar) eller i partia med høglys (lyse pikslar).

Juster fargenivåa for vald området

Ved hjelp av glidebrytarane, eller innskrivingsboksane, kan du endre fargane frå RGB-fargar til dei respektive komplimentærfargane (CMY). Null tilsvarar dei gjeldande fargane i biletet. Fargane på den venstre sida av brytarane er etter fargemodellen CMY, medan dei på høgresida er etter fargemodellen RGB.

Tilbakestill fargane

Trykk på denne knappen for å setje fargenivåa i det valde området tilbake til null (originalverdien).

Bevar fargeglød

Dersom denne er avmerka, vil lysverdien til dei lysaste pikslane i laget eller utvalet ikkje bli forandra.

Førehandsvis

Dersom denne er avmerka, vil alle endringar i RGB-nivåa også bli vist direkte på det aktive laget eller utvalet.